Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lokale ishockeyspelarar tok turen til Krisitansund

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 4. april 2022

Søndag inviterte Surnadal Blades sine spelarar til trening og pizza i Arena Nordvest som er namnet på den flotte ishallen i nordmørsbyen. Dette var siste helga det var is i hallen, og det passa difor perfekt med ein dag med trening der for Surnadal Blades. 

Pizzaen smakte godt! Foto: Gunnar Nordvik

Knut Bergli og Gunnar Nordvik tok med seg Mikael, Lars Ailo, Nicole, Hallvard, Lisa og Jakob frå Todalen og reiste til Kristiansund for å få trene i den flotte Arena Nordvest, før isen i hallen no blir borte til i haust. 

Janis hadde ei lydfør forsamling under ishockeytreninga i Kristiansund. Foto: Gunnar Nordvik

Det var trenar for Surnadal Blades, Janis Balandins, som hadde laga opplegget med trening, kampar og til slutt pizza for dei som var med. Totalt var det seksten ungdommar som var med utover til Kristiansund for å trene ishockey i ein flott ishall. Det vart tid til både individuell trening og internkampar under treningsøkta i ishallen. Dette er litt anna treningsforhold enn dei er vande med til vanleg.

Ivrige ishockeyspelarar i Arena Nordvest. Foto: Gunnar Nordvik

Gunnar Nordvik kunne fortelje at det var ein ivrig gjeng som var med, og sjølv når det vart servert pizza, så var fleire av spelarane så ivrige at dei gjekk på skeiser samtidig som dei åt pizza. Gunnar fortel at Arena Nordvest var eit kjempeflott anlegg og at alle stortrivdes i hallen.   

Publisert: 4. april 2022, 05:00