Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal Taxi – endra opningstider frå måndag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 8. april 2022

Surnadal Taxi, og dei andre taxieigarane, som er tilslutta Nordvest Taxi, har frå 1. juni i år mista all køyring for Pasientreiser i Helse Midt-Norge. Denne køyringa utgjer i dag omlag 75 – 80% av verksemda til Surnadal Taxi. Dette gjer at det er særs utfordrande å halde på, og å få tak i nok sjåførar. Dette gjer at Surnadal Taxi ser seg nøydt til å redusere opningstidene sine. 

Opningstidene som gjeld frå og med måndag 11. april er:  

  • Måndag – torsdag: 06:00 – 24.00
  • Fredag: 06:00 – 05.00
  • Laurdag: 09:00 – 05.00
  • Søndag: 09:00 – 24.00

Turar utanom opningstida må no difor førehandsbestillast.

Pasienttransporten blir, som vanleg, utført 24 i døgnet.

Denne saka er eit synleg bevis på at offentleg anbods- og innkjøpsstrategi berre vektar pris, utan å vurdere lokale konsekvensar, som til dømes redusert tenestetilbod i distrikta, noko som får store negativ konsekvensar lokalt. 

Publisert: 8. april 2022, 11:40