Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Pep-talk før fasteaksjonen

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 3. april 2022

Nest etter TV-aksjonen er Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon den største i landet. Tysdag 5. april, om ettermiddagen, går konfirmantane og medlemmer frå soknaråda i Surnadal kommunen dør-til-dør. Fredag kveld var det pep-talk for årets aksjon i kantina på Surnadal vidaregåande skule. Mange årig Kirkens Nødhjelp kontakt, Bernt Bøe, har send oss ein liten rapport frå pep-talken, som du kan lese nedanfor. 

Fredag var foreldre og konfirmantar samla til pep-talk i Surnadal. Diakon Gro Hauge Venås, prestane Cathrine Grutle og Vidar Rygh og kyrkjepedagog Elsa Jensvold informerte grundig med videoglimt og faktaopplysningar.

Lokal Kirkens Nødhjelp-leiar Gro Hauge Venås (til høgre) informerte forsamlinga om mål og innhald i årets fasteaksjon. Foto: Bernt Bøe

Kirknes Nødhjelp er blant dei best fungerande og mest rasjonelle hjelpeorganisasjonane, med både raske akuttiltak og langsiktig arbeid. – Årets fokusområde er det afrikanske landet Malawi. Men Kirkens Nødhjelp var også raskt ute med tiltak da Ukraina vart angripe i februar, poengterte lokal KN-leiar Gro Venås.

Klimaproblema rammar urettferdig

Slåande statistikk vart presentert. Oppfatta vi rett, skaper kvar nordmann i snitt 1000 gonger så stort CO2-utslepp som ein person i Malawi. Og klimaproblema rammar dei fattige hardast. Ikkje unaturleg blir da rettferdighet ei viktig utfordring. Ein pådrivar her er KN sin ungdomsorganisasjon Change-maker. – Og der kan du bli medlem for 50 kroner året! framheva Cathrine prest til dei unge i salen.

Kunnskap gir resultat

Bortimot 800 millionar menneske i verda manglar reint vatn. Difor er også kunnskap om god bruk av vatnet livsviktig. Kirkens Nødhjelp si opplæring av t.d. agronomar viser seg å bera rike frukter. Område som har betra bruken av vassressursane, kan no hauste det 3-4-dobbelte av tidlegare avling, viser eit døme frå KN sitt «Transform Project» i Malawi.

Kirkens Nødhjelp-kontaktane Erik L. Moen (Mo sokn, til venstre) og Per Ivar Østbø (Øye og Ranes sokn) oppfordrar bygdefolket til å ta vel imot innsamlarane og støtte Kirkens Nødhjelp sitt livsviktige arbeid. Foto: Bernt Bøe

Faste – å dele med andre

Vi er inne i fastetida, som har gjeve aksjonen namn, sa Cathrine Grutle. For mange har faste i dag ei vidare meining enn mange tenkte før. Bibelen seier at rett faste er «å løyse dei som med urett er bundne», «fri ut dei som er trælbundne» og «dele brødet med dei som svelt». Profeten Jesaja nemner også at det gjeld å la heimlause koma i hus, å dei som manglar klede og ikkje svikte nesten vår på nokon måte.

Meiningsfylt kveld

Tysdag blir det med andre ord ein meiningsfylt kveld for 15-åringane, deira sjåførforeldre og ikkje minst for oss som skal gi. Etter avtala frammøte ved kyrkjer og kontor dreg konfirmantane med bøsser gardtales bygda rundt.

Gåver kan gjevast kontant i dei plomberte bøssene eller via vipps (2426). Etter endt tur langs rodene blir bøssene kvitterte inn og dugnadsgjengen sikkert påspandert pølser og brød eller anna forfriskning.

Ny rekord?

Kvart sokn får sitt resultat bokført. Rekorden frå dei siste to åra, med berre digital innsamling, bør vera lett å slå. Fjorårets resultat var rundt tredjedelen av «vanlege» aksjonskveldar. Men det gav likevel reint vatn til 136 trengande familiar! Vi spår at gjengen i år har planer om «ny pers».

Folk rundt i heimane vil heilt sikkert bidra til å oppnå gode resultat for Fasteaksjonen 2022. Mange ønskjer dei dyktige konfirmantane lykke til med noko av det største dei kan bruke ei kveldsøkt til!

Først publisert: 3. april 2022, 08:00 - Sist oppdatert: 2. april 2022, 09:33