Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Godt lokalt resultat for fasteaksjonen 2022

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 7. april 2022

Tysdag ettermiddag gjennomførte sokneråda i Surnadal kommune, med hjelp frå årets konfirmantar, fasteaksjonen 2022 – «En dråpe vann». Gjevargleda var stor ved årets fasteaksjon i Surnadal kommune, og det vart samla inn i overkant av 119.000 i kommunen vår, noko som er eit særs godt resultat for sokna våre. Kyrkja nyttar difor høvet til å takke alle konfirmanter, foreldre og frivillige som deltok under årets innsamlinga den 05. april. 

Nedanfor kan du sjå kva som er registrert på dei enkelte sokna i kommunen:

  • Øye og Ranes sokn: kr. 47.167, –
  • Åsskard sokn  : kr. 38.161,-
  • Todalen sokn: kr.  14.862,-
  • Stangvik sokn: kr  10.914,-
  • Mo sokn: kr. 7.942,-

Totalt samla sokna i Surnadal kommune inn kroner 119.046,-. Dette gjev reint vatn til 477 menneske.

På landsbasis har fasteaksjonen 2022, så langt, samla inn nær 25 millionar kroner. 

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 7. april 2022, 12:56