Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kom og bli med på påskequiz med tacosnadder

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 4. april 2022

Todalen.no inviterer alle sine medlemmer til påskequiz med tacosnadder i Todalen ungdomshus, onsdag 13. april klokka 19:00. For våre medlemmer er det fri inngang, og ikkje-medlemmer betaler kroner 200,- via vipps ved påmelding. Dette inkluderer i tillegg eitt års medlemskap, dersom ein ønsker å vere medlem i Todalen.no! Det vil også bli sal av Todalen.no sine nyinnkjøpte krus, så meld deg på og bli med på ein triveleg kveld i ungdomshuset!

Påskequizen vil gå føre seg i fleire bolkar, med pause mellom bolkane, slik at ein får god tid til å slå av ein prat med kjente. Det vil blir sal av brus, øl og vin. Vinnarlaget vil sjølvsagt ikkje gå tomhente heim!

Dersom du har lyst til å vere med på quiz eller berre har lyst til å komme ut ein tur? Da trykker du på lenka Stig Husby og melder deg på innan onsdag 6. april. Hugs å skrive namn(a) på den/dei som melder seg på i mailen! 

Serveringa av tacosnadder tek til klokka 19:00, medan påskequizen tek til rundt 20:00

Todalen.no ønaker alle velkommen på påskequiz med tacosnadder!



 

Publisert: 4. april 2022, 13:00