Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur

Dordi Jorunn Halle Sundag 3. april 2022

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 4. april. Start frå Matkroken/Halsbua kl. 11:00. Blir du med?

Turruta blir bestemt ved oppmøte etter korleis ver og føre er.

VEL MØTT!

Dette blir siste kløverturen før påske, så neste tur blir altså den 25. april. Da er det å håpe at vårver og varme har jaga bort snø, sludd og vinterver.

Siste turen i mars gikk innover Kvennsetlia. Veret vart betre enn meldt, og betre enn det ser ut til på bileta, det var opphaldsver! Så det vart ein god og fin tur.

Her er bilete frå den turen:

Arndis, Dordi Jorunn og Marit. Foto: Åse V R

Fin og idyllisk tursti. Foto: Marit S S

Publisert: 3. april 2022, 10:20