Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen sanitetsforening Arkiv

Vi fann 855 artiklar i dette arkivet.


Ei allsidig skuleveke

Elinor Bolme Laurdag 3. juni 2017

Frå Britt Mossing, rektor ved Todalen Oppvekstsenter har vi fått ei lita helsing frå alle ulike aktivitetar som har foregått på skulen den siste tida.


Kløvertur til Storhaugen

Dordi Jorunn Halle Måndag 29. mai 2017

Målet for Kløverturen denne veka var Storhaugen. Det er eit kjent og mykje nytta turmål i Todalen, idrettslaget har hatt trimbok der ei årrekke, og dei siste tre åra har det også vore Stikk UT!-post her.


Kløvertur frå Husby til Ramsøya

Dordi Jorunn Halle Måndag 15. mai 2017

Kløverturen denne veka starta i Husbygarden for å følgje den gamle ferdselsåra frå Husby og Hala og innover til Ramsøya. Turen gjekk oppover til Flathaugen der det har vore stor hogst i vinter, så no er landskapet ope og fint


Vaskar ut vinteren på dugnad

Jon Olav Ørsal Måndag 8. mai 2017

Ein heil gjeng var i full aktivitet med rundtvaskdugnad i Sanitetshuset. Når våren kjem er det godt å få ut siste rest av støv og lort frå vinteren, og få ei god grønsåpelukt i staden, og vi har tradisjon for å ta eit skippertak før konfirmasjonen, seier maren Ansnes som er leiar i Todalen Sanitetsforening.


Trimtur i Lorth Phillips sine fotefar..

Jon Olav Ørsal Måndag 8. mai 2017

Todalen sanitetsforening er pådrivar for å arrangere trimturar kvar veke. I beste folkehelseånd motiverer dei folk til å røre på skrotten litt og prøver å variere målet for turane litt, slik at det skal bli variasjon og for at folk skal gjera seg kjente på heimlege trakter. Måndag gikk turen hadde turen start frå Bruset og gikk langs elva oppover til Fosstrøinn, Hafallmelen og til Nernesset, med Jon bruset som guide og kjentmann.


Kløvertur langs Toåa

Dordi Jorunn Halle Sundag 7. mai 2017

Måndag 8.mai er det på nytt Kløvertur. Oppmøte ved Matkroken kl. 11.00 som vanleg.

Denne gongen blir det tur langs Toåa frå Bruset og innover til Fosstøin. Vidare er det plana å gå inn til Hafallmelen og så ned til ein fin gapahuk nedst på Brusetnesset


Mai-blomsten er her

Jon Olav Ørsal Fredag 28. april 2017

Fredag og laurdag er Saniteten på plass på butikken for å selge maiblomsten til bygdefolket og andre som stikk innom Matkroken. Og det er ikkje noko dei har begynt med no, for maiblomsten har vore i sal heilt sia 1909, fortel Dordi Jorunn Halle og Marit Sandens Søyset som satt der i dag.


Kløvertur utover til Haltbakkan; blir du med?

Dordi Jorunn Halle Sundag 23. april 2017

Etter ein lang påskeferie er det klart for ny Kløvertur måndag 24. april. Turen går frå Nordvik og utover Haltbakkvegen, fin grusveg og ikkje bratt. Som vanleg er det oppmøte ved Matkroken kl. 11.00.


10. året med innsamling til Estland

Elinor Bolme Fredag 21. april 2017

I går ettermiddag var den tradisjonelle «Estlandsinnsamlinga» i Sanitetshuset. Ruskete verbruk gjorde nok sitt til at det ikkje vart nokon innsamlingsrekord, eller så har todalingane no fått orden i overskuddslagra sine. I løpet av tre timar vart det levert 55 fulle svartsekkar som no allerede er levert til ekteparet Jensvoll i Rindal for vidare transport til Estland i løpet av neste veke.


Strikk i godt selskap

Elinor Bolme Fredag 21. april 2017

Laurdag klokka 13 arrangerer Todalen Sanitetsforening strikkekaffe i Sanitetshuset igjen. Dette er ein sosial treffstad med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det. Eller utan, om du berre vil komme for eit triveleg selskap ein laurdags ettermiddag.


Kom med overskuddslageret ditt!

Elinor Bolme Onsdag 19. april 2017

Todalen Sanitetsforening arrangerer også i år innsamling av kleder til Estland i sammarbeid med Estlandsforeninga og ekteparet Jensvoll fra Rindal. Dato er allerede i morgon mellom klokka 17 og 20 i Sanitetshuset.


Lapskaus på menyen

Elinor Bolme Tysdag 18. april 2017

Omsorgsberedskap Todalen sanitetsforening inviterer bygdafolket til ny middagsservering i sanitetshuset tirsdag 25.april kl.13.00.