Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vaskar ut vinteren på dugnad

Jon Olav Ørsal Måndag 8. mai 2017

Ein heil gjeng var i full aktivitet med rundtvaskdugnad i Sanitetshuset. Når våren kjem er det godt å få ut siste rest av støv og lort frå vinteren, og få ei god grønsåpelukt i staden, og vi har tradisjon for å ta eit skippertak før konfirmasjonen, seier maren Ansnes som er leiar i Todalen Sanitetsforening.

Ute var det raking – Kristine S. Ulvund og Eivind Bolme – godt kledd for utearbeid i 3-4 varmegrader. Foto: Jon Olav Ørsal

Måndag kveld var det altså vasking både høgt og lågt, og i skåpar og kott.  Ute var det plenraking og rydding i uthuset. Og laurdag er det tid for konfirmasjon for ein av plenrakarane, Eivind Bolme, som laurdag stiller til borgarleg konfirmasjon.

Her blir det gullande reint – og grønsåpelukt – frå venstre Ragnhild A. Moe, Marit S. Søyset og Jorunn Husby. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 8. mai 2017, 20:59