Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur frå Husby til Ramsøya

Dordi Jorunn Halle Måndag 15. mai 2017

Kløverturen denne veka starta i Husbygarden for å følgje den gamle ferdselsåra frå Husby og Hala og innover til Ramsøya. Turen gjekk oppover til Flathaugen der det har vore stor hogst i vinter, så no er landskapet ope og fint. Her oppe heldt i følget segna den første todalingen til – han Tov. Han måtte kvar dag ta turen opp på Sjåarberget for å skue utover fjorden så han kunne å sjå om uvener var på sporet etter han og familien som var fredlause rømlingar frå Vågbø.

No er det ope og fint å sjå utover bygda frå Flathaugen. Foto: Dordi J H

Frå Flathaugen kom vi inn i Bjønnadalen der Steinarstua har sommarfjøs og kulturbeite. Somme av turdeltakarane mintest at dei som skuleungar rennte på ski her. Vi passerte Steinbrekkå, og kom innover til Ramsøya. Vi rasta i kulturbeita ovanfor garden – idyllisk område!

Fin stiga innover i kulturbeita i Ramsøya. Foto: Dordi J H.

Returen gjekk utover Ramsøydalane og utover forbi Halagardane. Dette er ein riktig så fin tur i lettgått terreng, med mange idylliske plassar undervegs, og «dei gamle fjell i syningom» ser ein heile turen.

Neste måndag, 22. mai, blir det tur oppå Storhaugen. Da er plana å gå frå Bjørås inne i Brusetmarka og etter skogsvegen opp Bjørålia. Dette er ein fin tur, –  godt underlag, ein del stigning, men ingen retteleg bratte parti. Og utsikten er flott!

Triveleg kaffepause. Foto: Dordi J H.

No har Sanitetsforeninga i Todalen hatt 11 Kløverturar så langt i år, alle turane har vore forskjellige med nye turmål. Og det er stadig nye idyllar og fine turmål å besøke. Vi håpar at riktig mange blir med på turen til Storhaugen – tempo bestemmer ein sjølv, og det er retteleg triveleg å gå på tur i lag.

Ramsøya og Brusetnesset. Foto: Dordi J H

 

Publisert: 15. mai 2017, 21:44