Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur langs Toåa

Dordi Jorunn Halle Sundag 7. mai 2017

Måndag 8.mai er det på nytt Kløvertur. Oppmøte ved Matkroken kl. 11.00 som vanleg.

Denne gongen blir det tur langs Toåa frå Bruset og innover til Fosstrøin. Vidare er det plana å gå inn til Hafallmelen og så ned til ein fin gapahuk nedst på Brusetnesset. Der blir det kaffepause. Så kan ein gå innover til Hengebrua og ut att på Halasida eller gå same vegen tilbake. Dette er ei fin turrute utan motbakkar.

Rasteplass ved elva i Fosstrøå. Foto: Dordi J H

Alle, folk som bur både i og utanfor Todalen, er velkomne til vere med på turen! Det er triveleg og kjekt å gå tur i lag så vi håpar riktig mange blir med!

Triveleg og sosialt på Kløvertur. Her frå gapahuken uti Haltbakkvegen 24. april. Foto: Fordi J H

Det er trimpost på enden av Haltbakkvegen. Foto: Dordi J H

Publisert: 7. mai 2017, 13:58