Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen sanitetsforening Arkiv

Vi fann 855 artiklar i dette arkivet.


Måndag – ny Kløvertur, blir du med?

Dordi Jorunn Halle Laurdag 18. februar 2017

Måndag 20. februar blir det ny Kløvertur. Start frå Matkroken kl. 11.00. Turruta denne gongen er slik: Frå Matkroken går turen ned forbi fabrikken til Bordholmen, langs Toåa til Gunnøya og eventuelt innover til Båthølen og retur til butikken.


Kløvertur i godver

Dordi Jorunn Halle Måndag 13. februar 2017

Første kløverturen i år vart arrangert måndag 13. februar, og turveret var strålande, sol frå skyfri himmel og nokre få, små varmegrader.


Kløvertur

Dordi Jorunn Halle Sundag 12. februar 2017

Minner om «Kløverturen» måndag 13. februar. Start frå Matkroken kl. 11.00. Turen går innover skogsvegen frå Sanitetshuset. Så kan ein enten ta turen litt oppover til Løfta og Sissihaugen eller gå fram og tilbake. Tempo og lengde etter eige ønske.  Alle er velkomne til å bli med ut på tur! Yr.no melder godt ver,  2 varmegrader […]


..Og hele bygda er med, på det som skal skje

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. februar 2017

Krattryddeaksjonen er i full gang – lag og organisasjonar i Todalen har gått sammen om å rydde kratt rundt vegkantane og laurdag var første dugnadsdagen. – Og dugnadsgjengen sette skikkeleg merke etter seg frå Svinviktunnelen og innover så langt dei rokk på ein dag.


Bli med å lag eit hjerte av lerke!

Elinor Bolme Fredag 10. februar 2017

Todalen Sanitetsforenning inviterer til den uformelle aktiviteten «korleis lage enkle og dekorative lerkehjerter» førstkommende tirsdag klokken 18 i sanitetshuset. Dette er i forbindelse med fastelavn som er søndag 26. februar, og foreninga skal i år selje fastelavnshjerter med fjør i nye fargevariantar i tillegg til dei tradisjonelle risa.


Kløvertur

Dordi Jorunn Halle Onsdag 8. februar 2017

Blir du med ut på tur?

Sanitetsforeninga startar opp med «Kløvertur» måndag 13. februar. Da blir det høve til å gå tur i lag med andre, få frisk luft og mosjon, prate og ha det kjekt



Årsmøte Todalen Sanitetsforening

Elinor Bolme Torsdag 26. januar 2017

Styret i Todalen Sanitetsforenig melder om ei lita endring for klokkeslettet til årsmøtet den 6. februar. Møtestart er 18.30, ikkje 19.30 som tidlegare annonsert. Etter det formelle årsmøtet blir det vanleg medlemsmøte med besøk av generalsekretær Grete Herlofson og valg av nytt styre i omsorgsberedskapsgruppa.


Nytt årslotteri er på plass

Elinor Bolme Laurdag 21. januar 2017

Todalen Sanitetsforening melder om at nytt årslotteri er på plass. Denne gongen er det valgt nok ein lokal bidragsytar som er velkjent for fine bilder, i alskens variantar; Kristine Saksen Ulvund.


Stikkekaffeen med oppstart laurdag.

Elinor Bolme Torsdag 12. januar 2017

Todalen Sanitetsforening startar førstkommande laurdag den 14. januar kl 13 opp att med strikkekaffe i Sanitetshuset. Her blir det fortsatt høve for ein sosial treffstad med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det. Eller utan om  du berre vil komme for eit triveleg selskap utan noko mellom hendene. Dei øvrige datoane for strikkekaffeen før påske er: […]


Sanitetsåret 2017 er snart godt i gang

Elinor Bolme Måndag 9. januar 2017

Todalen Sanitetsforening er ikkje kjent for å liggje på latsida, og har allereie starta planlegging av sine aktivitetar for 2017. Mykje skal på plass for den allsidige foreninga som driv både med utleige av leiligheter i Sanitetshuset og frivillig arbeid retta mot kvinners helse og livsvilkår.


Pussar opp i Sanitetshuset…

Jon Olav Ørsal Måndag 2. januar 2017

Todalen Sanitetsforening er i gang med oppussing av 2 av dei 4 leilighetene i Sanitetshuset. Dei to leilighetene som no får ei oppgradering har ikkje vore oppussa sia huset vart bygd i 1981, så no trongs det ei eit lite løft. Vi trefte Ragnhild A. Moe og Elinor Bolme som var der på dugnad i samband med oppussingsprosjektet.