Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen sanitetsforening Arkiv

Vi fann 855 artiklar i dette arkivet.


Oppstart strikkekaffe

Elinor Bolme Måndag 4. september 2017

Todalen Sanitetsforening startar førstkommande laurdag den 9. september oppatt med strikkekaffe i Sanitetshuset. Her blir det fortsatt høve for ein sosial treffstad med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det. Eller utan om  du berre vil komme for eit triveleg selskap utan noko mellom hendene. Todalen Sanitetsforening har sin årlege basar den 8. oktober. […]


Kløvertur til Nauståfossen – du er velkomen til å bli med!

Dordi Jorunn Halle Sundag 3. september 2017

Måndag 4. september er det Kløvertur inn til Nauståfossen. Turen går etter veg frå Kårvatn og langs elva inn til Myrvang og vidare etter stiga opp til fossen. Herifrå kan ein enten gå same vegen tilbake eller følgje god stiga utover forbi hyttefeltet slik at det blir ein rundtur.


Kjøle kjekt med Kløverrusletur!

Dordi Jorunn Halle Måndag 28. august 2017

Måndag 28. august inviterte Kløverturgruppa i Sanitetsforeninga til KløverRUSLEtur oppå Tjønnmyrå. Det var godt turver, og heile 25 personar var samla rundt gapahuken til Todalen idrettslag.


Påmelding fotterapi

Elinor Bolme Måndag 28. august 2017

Fotterapaut Pan Hoset kjem mandag den 11. og tysdag den 12. september på nok ein runde med fotpleie i Sanitetshuset. Det er fortsatt Marit Sanden Søyset som tek i mot bestilling på time. Ho er å treffe på telefon 980 36 391.


Rusletur oppå Tjønnmyrå

Dordi Jorunn Halle Torsdag 24. august 2017

Kløverturgruppa i Sanitetsforeninga inviterer måndag 28. august til rusletur oppå Tjønnmyrå. Her har idrettslaget dei siste åra arbeidd opp eit fint anlegg med stor gapahuk med bord og benkar og fine løypetrasear. Om vinteren er det lysløype, men no er det fine grusvegar som passar godt til rusleturar. Her kan ein ta seg fram både med rullator,


Triveleg sesongstart

Dordi Jorunn Halle Måndag 21. august 2017

Etter ei helg med skodde og regn, letta veret måndag og det vart godt turver. Dagens Kløvertur gjekk frå redskapshuset nedanfor Talgøgarden og innover lia på nordsida av Toåa.



Oppstart for saniteten

Elinor Bolme Fredag 11. august 2017

Førstkommande tirsdag er det oppstart med medlemsmøter etter sommarferien. Sanitetsforeninga ønsker nye og gamle medlemmer hjerteleg velkomne til ein ny spennande haust ilag.


Kløvertur til Svinvika og Gammelvegen

Dordi Jorunn Halle Onsdag 21. juni 2017

Siste Kløverturen før ferien starta med kaffelag i Svinviks arboret, vi var 13 til bords. Vi fekk servert nydeleg kake og heimelaga vaniljeis. Etterpå gjekk vi tur oppover Gammelvegen til Stikk UT!-boka oppå Kammen.


Siste Kløvertur før ferien

Dordi Jorunn Halle Tysdag 20. juni 2017

I morgon, onsdag 21. juni, blir det siste Kløverturen i vårsesongen. Avsluttingsturen blir i Svinvika og med kaffepause i Arboretet.


Inspirasjon og påfyll av generalsekretæren

Elinor Bolme Torsdag 8. juni 2017

Tirsdag kveld var nesten 30 sanitetskvinner frå tre lokalforeninger i kommunen samla til Todalen Sanitetsforening si sommaravslutning. Vanleg praksis har ikke vore at nærliggande foreningar kjem og deltek, men denne gongen fekk Todalen Sanitetsforening besøk av generalsekretær i NKS , Grete Herlofson.


Siste fotterapi før sommaren

Elinor Bolme Måndag 5. juni 2017

Fotterapaut Pan Hoset kjem mandag den 12. og tysdag den 13. juni på nok ein runde med fotpleie i Sanitetshuset. Det er fortsatt Marit Sanden Søyset som tek i mot bestilling på time. Ho er å treffe på telefon 980 36 391.