Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Triveleg sesongstart

Dordi Jorunn Halle Måndag 21. august 2017

Etter ei helg med skodde og regn, letta veret måndag og det vart godt turver. Dagens Kløvertur gjekk frå redskapshuset nedanfor Talgøgarden og innover lia på nordsida av Toåa. Skogsvegen er fin og lett å gå, og det er frodig vegetasjon. Mellom anna stod det nokre store asker der Taløytrøa ein gong låg, og vi såg restar av ein mur som var laga for å utvide dyrkamarka. Dei var nøysame i tidlegare tider.

«Gammelreiret» – triveleg plass og fin hytte. Foto: Dordi J H

Etter ein god marsj kom vi inn til «Gammelreiret», ein riktig fin plass med utsikt både utover og innover lier og fjell. Jon og Karen Johanne var guidar og orienterte om kva vi såg – kjekt! Det vart lang pause på terrassen med triveleg prat, kaffe og mat. Etter kvart tok nokre turen lenger innover lia, medan andre rusla attende til bilane. Slik er det på Kløvertur – her kan kvar og ein bestemme fart og turlengde.

Godt å gå på tur i lag. Frå venstre: Hans, Sigrun, Jorunn Gislaug, Marit, Åse Johanne, Berit, Synnøve, Jorunn, Åse. Bak: Karen Johanne og Jon. Foto: Dordi J H

KLØVERRUSLETUR

Neste måndag, 28. august, tenkjer turgruppa i Saniteten å ha ein Kløverrusletur. Da blir det ein tur som er tilpassa alle – her kan ein vere med om ein treng å bruke krykkjer, rullator, stavar eller rullestol for å ta seg fram. Dei som ønskjer å vere med, kan få skyss til og frå turmålet som er Tjønnmyranj. Her kan ein få sjå seg rundt i lysløypa og gapahuken, og det blir servering. Det vil kome meir info om dette opplegget her på todalen.no seinare i veka. Det er berre å håpe at veret blir bra!

Først publisert: 21. august 2017, 18:26 - Sist oppdatert: 22. august 2017, 09:28