Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen sanitetsforening Arkiv

Vi fann 855 artiklar i dette arkivet.


Strikkekaffe på laurdag

Elinor Bolme Sundag 26. november 2017

Førstkommande laurdag blir det strikkekaffe i Sanitetshuset. Her blir det fortsatt høve for ein sosial treffstad med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det. Eller utan om du berre vil komme for eit triveleg selskap utan noko mellom hendene.


Fotpleie før jul

Elinor Bolme Tysdag 21. november 2017

Fotterapaut Pan Hoset har meldt sin ankomst i sanitetshuset for ein siste runde med fotterapi no før jul. Ho kjem mandag den 11. og tysdag den 12. desember og har mange ledige timar utover desse dagane.


Saniteten: Inviterer til julemiddag

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. november 2017

Omsorgberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening inviterer bygdefolket til julemiddag torsdag 30. november kl 13. Dette skjer sjølvsagt i Sanitetshuset, og på menyen står det tradisjonell ribbe m/tilbehør, samt dessert og kaffe etterpå.


Gi julegåve til trengande i Estland

Elinor Bolme Laurdag 11. november 2017

I fleire år har medlemmane i Todalen sanitetsforening sendt julegåver til Estland i sammarbeid med Estlandsforeninga. I år oppfordrer dei fleire til å gjere det same, og inviterer i den anledning til pakkedugnad i Sanitetshuset søndag 12. november.


Triveleg sesongavslutning for Kløverturane

Dordi Jorunn Halle Tysdag 7. november 2017

Sjølv om ikkje veret var det beste, var det stor oppslutning om årets siste Kløvertur måndag 6. november. Med Sanitetshuset som startpunkt, vart det fleire forskjellige turar


Avslutning for årets Kløverturar

Dordi Jorunn Halle Sundag 5. november 2017

Måndag 6. november er det avslutning for Kløverturane i 2017. Da blir det både Kløverrusletur og Kløvertur. Etter turane blir det kaffelag i Sanitetshuset.


Timen er din – kom og bli med!

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. november 2017

Etter invitasjon fra Ann Kristin Nerland Bruset arrangerer Todalen I.L. trimgruppa og Todalen Sanitetsforening samling med instruksjon i trening, avslapping og motivasjon. Ann Kristin er daglig leder i STV, Surnadal Trenings og velværesenter, og har drevet med akkurat slike ting i hele 11 år. Nå kommer hun altså til Todalen for å dele denne kunnskapen med oss og for å hjelpe oss til å kome i gang med enkle øvelser for å holde oss i form og få et harmonisk liv. Det skjer i gymsalen i Todalen skule onsdag 8. november kl 19.00


Kløvertur innover Røyskattvegen

Dordi Jorunn Halle Sundag 29. oktober 2017

Måndag 30. oktober går Kløverturen frå Heggøyå, over Romåbrua og innover etter Røyskattvegen. Turen går etter grei skogsveg, og det er ikkje bratt. Her kan ein gå i eige tempo og så langt som det passar den enkelte. Oppmøte ved Halsbua kl. 11.00, derifrå blir det samkjøring innover til Heggøyan. Alle er velkomne til å […]


Gratis vaksine til alle avgangselevane

Elinor Bolme Måndag 23. oktober 2017

Avgangselevane ved Surnadal videregåande skole fekk i dag informasjon om den viktige meningokokkvaksinen som dei er anbefalt å ta no i forbindelse med russetida og øvrige festligheiter,  av helsesøster Ingunn Brekke. Vaksina hindrar smittsom hjernehinnebetennelse som av og til kan ha dødelig utgang om den ikkje blir behandla raskt nok for ein som ikkje er vaksinert kunne helsesøster fortelle. Ho oppfordra derfor ungdomane til å vaksinere seg slik at ingen blir ramma av sjukdommen.


Kløvertur ute i liene på Nordvik

Dordi Jorunn Halle Sundag 22. oktober 2017

Kløverturen måndag 23. oktober blir etter fin skogsveg i liene ovafor Nordvik. Oppmøte ved Halsbua kl. 11:00, samkjøring derifrå utover til Nordvik, der vi kjører eit stykke oppover skogsvegen som startar ute i «Rabban». Skogsvegen går i retning Åsbøsnyta, men det er ikkje målet for turen, vi skal ikkje gå så langt. Eit stykke oppe i lia er […]


Kløvertur til Brusetbotnane

Dordi Jorunn Halle Sundag 15. oktober 2017

Måndag 16. oktober går Kløverturen frå Bruset og oppover skogsvegen over Haugligardane og i retning Brusetbotnane. Turen går etter fin skogsveg – grus, og bakkane er slake. Her er det to rastebord – først frampå Kleiva med utsikt utover bygda og like etter oppå lunningsplassen ved Botnbekken. Vi går same ruta både opp og ned. Dette er ein […]


Kløvertur i nydeleg haustver

Dordi Jorunn Halle Måndag 9. oktober 2017

Kløverturen måndag 9. oktober gjekk frå Forsamlingshuset på Nordvik og opp til Nordviksetrene. Sol frå skyfri himmel, klår haustluft og vindstille – flott turver!