Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gi julegåve til trengande i Estland

Elinor Bolme Laurdag 11. november 2017

I fleire år har medlemmane i Todalen sanitetsforening sendt julegåver til Estland i sammarbeid med Estlandsforeninga. I år oppfordrer dei fleire til å gjere det same, og inviterer i den anledning til pakkedugnad i Sanitetshuset søndag 12. november.

Saniteten stiller med alt innpakningsutstyr, du treng berre å ha med noko og gi bort i julegåve, fortel Anne Helene Halset som er ansvarleg for arrangementet. Vi har vore så heldig å ha fått mykje fint innpakningspapir frå Nille i AMFI Surnadal og tenkte vi kunne lage ei lita hyggjestund ut av det. – Vi ønsker derfor store og små velkomne til sanitetshuset mellom klokka 17-19 denne kvelden. 

Har du ikkje høve til å delta, men ønsker å gje, må du hugse å merke gåvene med kjønn og alder.

Først publisert: 11. november 2017, 07:00 - Sist oppdatert: 10. november 2017, 21:57