Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Avslutning for årets Kløverturar

Dordi Jorunn Halle Sundag 5. november 2017

Måndag 6. november er det avslutning for Kløverturane i 2017. Da blir det både Kløverrusletur og Kløvertur. Etter turane blir det kaffelag i Sanitetshuset.

Opplegget er slik:

  • Oppmøte ved Sanitetshuset kl. 11.00.
  • Dei som treng skyss, kan ringe Jorunn Ørsal, telefon:  94 27 89 14.
  • KløverRUSLEtur rundt i byggefeltet.
  • Kløvertur oppå Løfta.
  • Kaffelag i Sanitetshuset med graut og bakels, kanelbollar og kake.

Viss veret er dårleg, blir det lite tur og mest sosialt sosialt samvær innomhus.

Vi håpar riktig mange blir med på avslutninga for ein triveleg Kløvertursesong!

Alle er velkomne!

Måndag 30. oktober var det snøver, men tur vart det likevel. Her ved Rossåa, frå venstre: Sigrun, Arndis, Ester Karin, Jorunn H, Dordi og Ingunn. Foto: Jorunn Ørsal.

Første Kløverturen var 13. februar og gjekk opp til Løfta. Foto: Dordi J H

Vi har hatt tre fine turar på Nordvik, her på Nordviksetra i haust. Foto: Dordi J H

Publisert: 5. november 2017, 02:23