Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen sanitetsforening Arkiv

Vi fann 855 artiklar i dette arkivet.


Fin Kløvertur på Nordvik

Dordi Jorunn Halle Måndag 26. februar 2018

Måndag er dagen for Kløvertur, og 26. februar gjekk turen frå Rabbleet på Nordvik og utover til Haltbakkan. Nysnø som hadde festa seg på vegen, gjorde at det var trygt og godt å gå. Fint vinterver, men sola braut ikkje gjennom skylaget for heilt på slutten av turen.


Ny runde med strikkekaffe

Elinor Bolme Onsdag 21. februar 2018

Førstkommande laurdag blir det nok ein gong strikkekaffe i Sanitetshuset. Her blir det fortsatt høve for ein sosial treffstad med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det. Eller utan om du berre vil komme for eit triveleg selskap utan noko mellom hendene.


Kløvertur i flott vinterver

Dordi Jorunn Halle Måndag 19. februar 2018

Etter langt eit opphald med julehelg og «mørketid» er det på nytt tid for Kløverturar i regi av Sanitetsforeninga i Todalen. Måndag 19. februar gjekk tur nummer to i 2018 av stabelen.


Kløvertur oppover Øyalia

Dordi Jorunn Halle Laurdag 17. februar 2018

Måndag 19. februar er det ny Kløvertur. Da går turen frå Ungdomshuset og etter skogsvegen oppover Øyalia.


Fastelavnstid – snart er det vår….

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. februar 2018

At Sanitetskvinnene stiller opp utafor Matkroken for å selge fastelavnsris føles mesta som det første vårtegnet. Og akkurat det er også eit av dei sikreste teikna på at det er aktivitet i sanitetsforeninga. Slik har det vore i lange tider og framleis er salet av fastelavnsris eit av dei sikraste fundamenta i økonomien til Sanitetskvinnene.



Bli med på Kvinnehelsedag, i Todalen

Elinor Bolme Torsdag 8. februar 2018

Todalen sanitetsforening inviterer til Kvinnnehelsedag i Todalen Ungdomshus laurdag 10. mars. Her vil det bli åpent hus med streaming av Norske Kvinner Sanitetsforening sin Kvinnehelsedag i Oslo Kongressenter. Dette er i praksis videooverføring av ein heil dag spekka med interessante tema og foredrag for å inspirere og gi påfyll til eit betre kvinneliv.


Godt årsmøte i Sanitetsforeninga

Dordi Jorunn Halle Onsdag 7. februar 2018

Tysdag 6. februar var 19 medlemmer samla til årsmøte i Todalen sanitetsforening. Etter god, gammel tradisjon starta møtet med kvikk allsong; denne kvelden var det tid for nasjonalsong da det var samenes nasjonaldag.


Sanitetsårsmøte på tirsdag

Elinor Bolme Sundag 4. februar 2018

Todalen sanitetsforening avheld sitt årsmøte tysdag 6.februar kl. 18.30. Styret ønsker alle dei nye medlemmene dei siste åra spesielt velkomne. Sidan eit årsmøte er eit ope møte, så kan alle som vil høyre kva vi står for og kva vi arbeider med gjerne komme.


Strikkekaffe på laurdag

Elinor Bolme Torsdag 1. februar 2018

Førstkommande laurdag blir det nok ein gong strikkekaffe i Sanitetshuset. Her blir det fortsatt høve for ein sosial treffstad med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det. Eller utan om du berre vil komme for eit triveleg selskap utan noko mellom hendene.


Siste strikkekafé før jul…

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. desember 2017

Til tross for at det nærmar seg travel julestrid var det bra deltaking på laurdagens strikkekafé i Sanitetshuset. Alle som har lyst kan kome og være med på strikkekafé og har du lyst kan du også ta med bundingen din eller anna handarbeid. Praten gjekk iallfall lett rundt bordet og da vi var innom var det dekking til kaffeservering og tid for ein liten kaffepause.


Triveleg førjulstreff med utdeling av barnets lykkeskilling

Dordi Jorunn Halle Torsdag 30. november 2017

Todalen sanitetsforening tjuvstarta adventstida med å invitere bygdefolket til førjulstreff siste dagen i november. Heile 40 personar møtte opp til sosialt samvær og julemiddag i Sanitetshuset.