Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fin Kløvertur på Nordvik

Dordi Jorunn Halle Måndag 26. februar 2018

Måndag er dagen for Kløvertur, og 26. februar gjekk turen frå Rabbleet på Nordvik og utover til Haltbakkan. Nysnø som hadde festa seg på vegen, gjorde at det var trygt og godt å gå. Fint vinterver, men sola braut ikkje gjennom skylaget for heilt på slutten av turen.

Dette er eit fint turområde med to gardsvegar, og med gode stiar mellom vegane slik at ein kan gå litt på kryss og tvers. Kjekt at vi fekk med «kjentmann» frå Nordvik. Det er mange fine turmål på Nordvik, så det blir fleire Kløverturar der utover året.

Fint turområde. Åse og Arndis fremst. Foto: Dordi J H

Det er triveleg og sosialt å gå tur i lag, og det blir ny tur neste måndag. Da er plana å ta turen opp på Tjønnmyran, der kan ein gå på føtene eller ta med ski.

Alle som har lyst og tid, er velkomne til å bli med ut på tur! Det gjer så godt!

Triveleg med kaffepause i fin gapahuk. Takk for lånet! Foto: Dordi J H

Her er dagens turgjeng. Frå venstre: Gro Torvik med Balder, Helen Saksen, Jorunn Ørsal, Dordi Fedje, Jorunn Husby, Synnøve Gjeldnes, Ester Karin Rendal Larsen, Kari Kvendset, Ingrid Nordvik, Åse Ville Redalen, Arndis Søyset, Marit Sanden Søyset. Foto: Dordi J H

 

.

Publisert: 26. februar 2018, 19:21