Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Triveleg sesongavslutning for Kløverturane

Dordi Jorunn Halle Tysdag 7. november 2017

Sjølv om ikkje veret var det beste, var det stor oppslutning om årets siste Kløvertur måndag 6. november. Med Sanitetshuset som startpunkt, vart det fleire forskjellige turar. Enkelte tok ein rundtur i byggefeltet, andre gjekk utover til Rossåbrua; men dei fleste tok turen oppå Løfta og kunne skrive seg inn i trimboka til idrettslaget.

Triveleg prat rundt borda og mykje godt til kaffien. Frå venstre Jorunn H, Ester Karin, Lovise, Ingeborg, Grete og Marit.

Sidan det var avslutning for sesongen, var det i dag kaffelag inne i Sanitetshuset med riktig god servering og triveleg sosialt samvær. På spørsmål om det var ønskeleg å halde fram med Kløverturar etter «vinterferien», var svaret eit unisont JA!

Det har vore 27 turar i løpet av året, 15 før sommarferien og 12 i haust. Første turen gjekk i Kvennsetliene 13. februar, og turmåla har vore i nærområdet, frå Nauståfossen på Kårvatn til Haltbakkan på Nordvik. Det har ikkje vore problem å finne eigna turmål og gode skogsvegar. Mellom mange turmål kan nemnast tre fine turar på Nordvik, Gammelvegen i Svinvika, Hjellnessetra og Tjønnmyra.

Kjekt å møtast. Frå venstre: Torgunn, Ingrid, Synnøve, Helen, Dordi og Ingunn. Foto: Dordi J H

Oppslutninga om Kløverturane har vore god så dette ser ut til å vere eit tiltak frå Sanitetsforeninga som blir sett pris på. I alt har om trent 50 forskjellige personar vore innom Kløverturarrangementa, og deltakartalet har variert frå 5 til 25  kan «turkomiteen» fortelje.

 No er det altså «vinterferie» for Kløverturen, men det blir nye turar uti februar når sola klatrar opp over fjella.

Heldigvis er det retteleg vaksne damer med på turane også. Frå venstre Ingrid, Lovise, Jenny, Kitty og Grete. Foto: Dordi J H

Godt oppmøte på avslutninga. Bak frå venstre: Kari, Gjertrud, Ingunn, Torgunn, Sigrun, Jorunn Ø, Ingeborg, Åse, Eli, Jorunn H, Ester Karin, Synnøve, Maria, Helen, Ingrid R, Dordi, Arndis. I midta: Ingrid T, Lovise, Jenny, Kitty, Grete. Fremst: Marit og Dordi Jorunn. Foto: Kristin Ørsal.

 

 

 

 

Publisert: 7. november 2017, 00:52