Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur til Nauståfossen – du er velkomen til å bli med!

Dordi Jorunn Halle Sundag 3. september 2017

Måndag 4. september er det Kløvertur inn til Nauståfossen. Turen går etter veg frå Kårvatn og langs elva inn til Myrvang og vidare etter stiga opp til fossen. Herifrå kan ein enten gå same vegen tilbake eller følgje god stiga utover forbi hyttefeltet slik at det blir ein rundtur.

Oppmøte ved Matkroken kl. 11.00, samkjøring derifrå og opp til Kårvatn.

Turen går i flatt og lett terreng, og ein bestemmer tempo og turlengde sjølv.  Yr lovar riktig godt ver så da blir det kaffepause.

Vel møtt til ny turdag; alle er velkomne!

Publisert: 3. september 2017, 15:28