Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kjøle kjekt med Kløverrusletur!

Dordi Jorunn Halle Måndag 28. august 2017

Måndag 28. august inviterte Kløverturgruppa i Sanitetsforeninga til KløverRUSLEtur oppå Tjønnmyrå. Det var godt turver, og heile 25 personar var samla rundt gapahuken til Todalen idrettslag. Den eldste turdeltakaren var Jenny Kvendset, ho blir 96 år i løpet av hausten, men også fleire av dei andre turgåarane har passert eller blir snart nitti. Spreke damer!

Fint turområde. Grete, Marit og Ingeborg fremst. Foto: Dordi J H

Fleire av dei som var med på turen i dag, hadde ikkje vore oppå Tjønnmyrå før og slett ikkje etter at det vart eit slikt flott idrettsanlegg oppå der. Dei syntest det var kjekt å rusle rundt i dei fine løypetraseane, det var kjekt å kome opp i skogen, sjå nytt terreng og ikkje berre gå etter vegen nede i bygda. Og ikkje minst så var det triveleg å gå tur mange i lag og treffe andre, det er ikkje alle som har så lett for å kome seg ut på tur. Praten gjekk lett, og folk var blide og fornøgde.

Kjekt å treffast! Frå venstre: Anne, Synnøve, Berit, Jorunn og Jenny. Foto: Dordi J H

Etter trimmen vart det kaffelag inne i den fine gapahuken. Her er det plass til over 20 personar rundt langbordet! Serveringa var tradisjonell: graut og bakels, og sjølvsagt vart det spandert sjokolade til kaffien – det høyrer med når ein er ute på tur!

Det vart fullt rundt langbordet! Berit hadde pynta fint til vi kom. Foto: Dordi J H

Turdeltakarane kosa seg med god graut og gode bakels! Foto: Dordi J H

Både turdeltakarar og arrangørar syntest det vart ei god og triveleg turøkt. Det kom ønske om fleire Kløverrusleturar, så vi satsar på ny rusletur måndag om fjorten dagar. Da blir det i området rundt småbåthamna og bustadfeltet ved Rossåa.

Her er fleire bilete frå Kløverruselturen:

Triveleg med kafferast. Foto: Dordi J H

Det vart «karrabord» og – riktig så triveleg. Frå venstre og rundt bordet: Svein, Jon, Ove og Hans. Foto: Dordi J H

Her er det damer som tok med motbakkane på trimturen. Frå venstre: Dordi Jorunn, Eli og Ingrid. Foto: Ingunn.

Kjekt anlegg i fint område. Foto: Dordi J H

 

 

Publisert: 28. august 2017, 20:27