Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur til Svinvika og Gammelvegen

Dordi Jorunn Halle Onsdag 21. juni 2017

Siste Kløverturen før ferien starta med kaffelag i Svinviks arboret, vi var 13 til bords. Vi fekk servert nydeleg kake og heimelaga vaniljeis. Etterpå gjekk vi tur oppover Gammelvegen til Stikk UT!-boka oppå Kammen. Vi var heldige med veret – faktisk opphaldsver og gløtt av sol.

Gode kaker og kaffe, triveleg prat! Frå venstre: Jon, Sigrun, Karen Johanne og Marit. Foto: Dordi J H

Frå Kammen delte vi oss i to turgrupper, ei gruppe gjekk heile Svinvikrunden og fekk med seg den idylliske strekninga langs fjorden. Den andre gruppa tok motbakkane opp til Hjellnes – til slutt møttest vi alle ved startpunktet. Da var det tid for ønskje kvarandre ein god trimsommar og vel møtt til ein  ny runde med Kløvertur i august.

Tid for å notere Stikk UT!-tur. Foto: Dordi J H

Todalen sanitetsforening starta opp med Kløvertur 13. februar i år. Seinare har det vore 15 turar med mange ulike turmål. I løpet av sesongen har 27 personar vore med på tur; deltakartalet har variert frå fem til fjorten. Totalt tal på turar er 153, og dette har så langt vore eit godt tiltak. Det gjer godt å kome ut, det er kjekt å gå til nye turmål og det er triveleg å gå tur i lag.

Idyllisk i Gammelvegen. Foto: Dordi J H

Som ei avslutting til sommaren vart det premiering; heldige vinnarar av turkoppar og sitjeunderlag frå todalen.no var: Marit Sanden Søyset, Eli Bruset, Gudmund K. Kvendset, Dordi Jorunn Halle, Eva Nygård, medan Dordi Fedje vann ein todalen.no-termos.

Rododendronen blomstrar i arboretet. Foto: Dordi J H

Dagens turgjeng. Frå venstre: Ingunn Kjølstad, Jean Kvendset, Eli Bruset, Åse Øyen, Dordi Jorunn Halle. Arndis Søyset, Sigrun Ørsal, Karen Johanne Talgø, Jorunn Husby, Dordi Vatn Hals, Jorunn Ørsal, Marit Sanden Søyset.

 

Publisert: 21. juni 2017, 18:41