Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mai-blomsten er her

Jon Olav Ørsal Fredag 28. april 2017

Fredag og laurdag er Saniteten på plass på butikken for å selge maiblomsten til bygdefolket og andre som stikk innom Matkroken. Og det er ikkje noko dei har begynt med no, for maiblomsten har vore i sal heilt sia 1909, fortel Dordi Jorunn Halle og Marit Sandens Søyset som satt der i dag.

Inntekta av maiblomsten har sia starten skaffe over 200 mill. kroner, og intekta av salet gikk i starten til å bekjempe tuberkulose. – Seinare vart det aktuelt å gjenreise folkehelsa etter 2. verdskrig og no er etter kvart inntekta bruka til hjelp til barn og unge, og blir forvalta av dei 650 sanitetsforeiningane rundt om kring i landet.  Stikk innom og kjøp deg ein maiblomst!

 

Publisert: 28. april 2017, 16:25