Godt i gang med volleyball
Todalen Idrettslag har dei to siste tysdagane invitert til volleyball i gymsalen på Todalen skule. Dette er eit tilbod idrettslaget vil halde fram med på tysdagane framover, om det er interesse for det.
Vi fann 1778 artiklar i dette arkivet.
Todalen Idrettslag har dei to siste tysdagane invitert til volleyball i gymsalen på Todalen skule. Dette er eit tilbod idrettslaget vil halde fram med på tysdagane framover, om det er interesse for det.
I kveld inviterte Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til «hockeykveld» på Bordholmen stadion. Mange frå den «yngre garde» møtte opp for å spele ishockey på ein nypreparert og fin ishockeybane.
Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag inviterer til «hockeykveld» på Bordholmen stadion i kveld frå klokka er 17:30. Dette fordi det ikkje heilt optimale forhold for «barn i løypa», og fordi det no er nypreparert is på Bordholmen.
Har du ønske om å ta ein trimtur på barmark – utan ski, så er Svinvikrunden eit godt alternativ akkurat no. Rett nok er det ikkje barmark heile runden, men det er godt å ga til fots. Og er du utrusta med gode vintersko med pigg, så er du på trygg grunn. Søndag var det fleire som nytta høvet til ein søndagstur på barmark.
Todalen Idrettslag og Todalsdagen er så rause at dei kvart år gir bort startkontingenten frå mosjonsløpet Ræta Opp, som blir arrangert i samband med Todalsdagen. I 2021 var det Blodbanken i Kristiansund som kunne nyte godt av denne givergleda, og heile startkontingenten på 16.300 kroner gjekk dit. Det var stor glede i Blodbanken, og Randi S. Tømmervåg og Elisabeth Sandvik var på Bordholmen under Todalsdagen – for å promotere Blodbanken.
Todalen Idrettslag inviterer til volleyball i gymsalen på Todalen skule i kveld, tysdag 10. januar, klokka 20:00. Så har du lyst til å vere med å spele litt volleyball framover vinteren, så må du ta turen til gymsalen no i kveld!
Etter nokre veker med «juleferie», så inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag igjen til balleik i gymsalen på Todalen skule torsdag 12. januar mellom klokka 18:00 – 19:00. Balleiken er for alle barn i grunnskulen, altså 1. – 10. årstrinn.
Todalen Idrettslag kan melde at det er nypreparerte skiløyper både i lysløypa på Tjønnmyra og nede i bygda, inkludert i Toåa tursti. Det er også trappa trase for å gå på føtene i Toåa tursti.
I dag er det finale og siste trekning i Adventlotteriet som Todalen ILs trimgruppe har arrangert. Det har vore ein suksess både økonomisk og samtidig mange flotte og kortreiste gevinstar som har gjeve mange og glade vinnarar. På finaledagen står vi att med 4 gevinstar. Den første gevinsten er eit måleri som er signert Sissel Halset Storslett – det vart vunne av Pestua. Det andre malerietsom går i dag, er signert Elisabet Aas og vart vunne av Vesleanna Talgø.
3. juledag, tysdag 27. desember er TIL trimgruppa på banen som arrangør av Romjulsmarsjen 2022. I år er vi attende til tradisjonell romjulsmarsj som rett og slett er ein rundtur rundt bygda. Sjølv om det er både influensavirus og Covid i lufta så køyrer vi tradisjonelt arrangement – einaste forandring er at det er ein registreringsstasjon, og den er på Bruset. Det blir høve til å registrere seg på Bruset i tidsrommet mellom kl 12:00 og 15:00.
Lille julaften er nest siste trekning i Adventlotteriet – denne dagen er det også 3 gevinstar attafor luke nr 23. Den første gevinsten er eit gavekort på kr 500 frå Todalshytta. Den heldige vinnar her vart Sigurd Talgø i Andersstua. Sigurd får ta ein tur til kammerpike Ediths spiseri når det lir utpå våren. Den andre gevinsten er 10 sekker med tørr og fin bjørkaved – den hamnar på Kvennset
Da har vi starta innspurten mot jul for alvor – 2 dagar att til julaften og enda har vi mange gevinstar att. Bak luke nr 22 var det også 3 gevinstar og den første er 3 glass med prima honning – den heldige vinnaren er Nina og Michal (Heimlund) i bustadfeltet på Kvennset.