Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Idrettslag bidrog i filminnspeling – no er filmen her

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 18. mai 2023

Rett før påske var DJI Enterprise og Trondheim Brann og Redning på Kårvatn for å gjere filmopptak for å lage reklamefilm om DJI Enterprise sin nye drone Matrice 350 RTK som blir lansert i desse dagar. Todalen Idrettslag var leigd inn for å transportere utstyr og personell med snøscooter og stilte med statistar i filminnspelinga. 

No er filmen klar, og ved å trykke på lenka DJI Enterprise – Matrice 350 RTK, kan du sjå filmen. 

Elinor Bolme, leiar i Todalen Idrettslag, vil nytte høvet til å takke alle statistane og alle dei andre medlemmane som var med og hjalp til under filminnspelinga på Kårvatn rett før påske!  

Publisert: 18. mai 2023, 18:12