Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lokaloppgjer på Bordholmen stadion

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 7. juni 2023

I går kveld var det duka for fotballkamp og eit skikkeleg lokaloppgjer da Søya/Todalen sitt G 11-lag spela mot Kvass/Ulvungen på Bordholmen stadion. Og tilskodarane fekk sjå ein bra og spennande kamp. 

Søya/Todalen i angrep. Foto: J S Ansnes

Første omgang starta med eit spelemessig overtak til heimelaget, men det tok ei lita stund før det gav seg utslag i målprotokollen. Men etter rundt 10 minutt fekk heimelaget «hol på byllen». Etter dette scora båe laga nokre mål kvar. Til pause hadde heimelaget eit knapt overtak i målprotokollen. 

Kvass/Ulvungen med eit fint angrep som resulterte i scoring. Foto: B G Ansnes

Andre omgang starta på same måte som første omgang, med eit spelemessig overtak til heimelaget. Også i målprotokollen var heimelaget i føringa, men utover i omgangen overtok Kvass/Ulvungen initiativet i kampen. Mot slutten av kampen var det bortelaget som ville mest, og da dommar Espen Andersen bles av kampen, hadde båe laga scora like mange mål, altså uavgjort, eit ikkje ukjent resultat når det handlar om lokaloppgjer.

Tilskodarane fekk sjå ein fartsfylt og spennande kamp der det var spenning til siste spark på ballen. 

Publisert: 7. juni 2023, 05:46