Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Biltoget trossa regnveret på turen rundt bygda

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. mai 2023

Det var ingen sure miner fordi om regn og vind i 3-4 varmegrader prøvde å gjøre det surt for det tradisjonelle biltoget rundt bygda.  Biltoget starta presis kl 10 frå Matkrokens parkeringsplass og bruka den tradisjonelle ruta oppover bygda til Brusetbrua og vidare oppover til Gammelfabrikken i Brusetmarka.  Her var det ein kort pause før toget gikk vidare til Ungdomshuset, der alle var invitert til frukost.

Russen var sjølvsagt med i biltoget rundt bygda. Foto Jon Olav Ørsal

Tradisjonelt var det traktor med tilhengar i teten, og hadde mange smårollingar teke plass, og var standhaftige mot det sure vêreet.  Vidare i toget så fann Surnadalsrussen sin plass med 2 bilar og så vart det traktorar og bilar i fortsettinga – tilsaman var det i år 52 bilar som deltok i biltoget.  Det er ein liten nedgang frå i fjor, da det var 58 bilar og langt attafor rekordåret under pandemien i 2021 da det var heile 88.  

Biltoget passerer Brusetbrua – tilsaman var det 52 bilar i biltoget i år. Foto Jon Olav Ørsal

Som sagt så er det ein lang tradisjon for biltog (eller skrommeltog som det vart kalla), og første biltoget gjekk rundt bygda så tidleg som midten på 50-talet.  Den gongen var det nok ikkje så mange bilar, for det var nok berre eit ti-tals bilar i bygda den gongen.  Nok om det – dagens biltog enda opp i Ungdomshuset, der Todalen I.L. hadde invitert bygdefolket på frukost.  

Fotogalleri frå biltoget som gikk rundt bygda i dag – alle foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 17. mai 2023, 11:54