Lagseriestemne på Bordholmen i dag
Søndag 17. september klokka 17:00 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til lagseriestemne på Bordholmen stadion. Klokka 18:00 kjem surndalingen Sigve Holten frå, for å lære bort kulestøyt.
Vi fann 1795 artiklar i dette arkivet.
Søndag 17. september klokka 17:00 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til lagseriestemne på Bordholmen stadion. Klokka 18:00 kjem surndalingen Sigve Holten frå, for å lære bort kulestøyt.
I kveld var det eit skikkeleg lokaloppgjer i fotball på Bordholmen stadion, da Søya/Todalen G 11 spela heimekamp mot sine gode naboar Surnadal G 11. Vêrgudane var ikkje heilt i «god lune», men det var i alle fall opphaldsvêr, men litt kald trekk. Men kamp vart det, og mange hadde teke turen for å sjå lokaloppgjeret.
I dag hadde Todalen Idrettslag invitert til aktivitetsdag, og sjølv om vêrmeldingane ikkje var dei aller beste for, så vart vêret og oppmøtet på arrangementet ganske bra. Tretti ungar og ungdommar var med på lagseriestemnet, der det var lengde med og utan tilløp, kast av liten ball, sprang 60 meter og 400 meter.
Tysdag 29. august spelar Søya/Todalen sitt G 11-lag heimekamp på Bordholmen stadion klokka 18:00. Da kjem Surnadal G 11 på besøk, så da er det duka for eit skikkeleg lokaloppgjer! Båe lag har fleire todalingar på laget.
Søndag 27. august frå klokka 12:00 og litt utover ettermiddagen, inviterer Todalen Idrettslag alle i Todalen og Stangvik skulekrins til ein variert aktivitetsdag med mange aktivitetar på Bordholmen stadion. I tillegg til alle aktivitetane blir det open kiosk med sal av bakels med graut, pølser med brød, kaffe, brus, is og sjokolade. Det blir også eit dagslotteri med fine gevinstar!
I går kveld var det innflyttardugnad i det nye aktivitetsrommet i reiskapshuset på Bordholmen. Astrid Longva Kvendset frå Surnadal Håndverk har vore rådgjevar og inspirator for målararbeidet, og Happy Homes Surnadal har sponsa måling og målarutstyr til det nye aktivitetsrommet.
I morgon, måndag 14. august klokka 18:00 inviterer styret i Todalen Idrettslag til innflyttingsdugnad i det nye ungdomsrommet i reiskapshuset på Bordholmen, som no er klart til innflytting.
Operaen i Kristiansund og Stangvikfestivalen arrangerer komande veke sommarakademi. Som avslutning på sommarakademiet blir det operakonsert i Todalen ungdomshus laurdag 12. august klokka 20:00.
Sesongen for Stikk UT!-sommar er no halvgått, og det er stor aktivitet i Stikk UT!-turane i Todalen. Toåa tursti har klart flest besøk i Surnadal kommune.
Todalen Idrettslag inviterer til dugnad i Toåa tursti fredag 21. juli klokka 11:00, for litt vedlikehalds- og reparasjonsarbeid på den fine og populære turstien sin. Det trengs folk med river, ryddesag, motorsag og arbeidslyst.
Bakelsdagen har lang tradisjon på skihytta – bakelskokken Knut Halset står som fast arrangør og kjøkensjef. Knut var nok umåteleg heldig med bakelsvêret, etter som han diska opp med sol frå blå himmel, og fekk skikkeleg respons frå publikum som tok turen til skihytta. Alle som tok turen til skihytta til Todalen idrettslag denne dagen, var traktert med gratis kaffe med bakels og graut – snakk om trivselstiltak!
I dag er det akkurat ein veke sidan Todalsdagen 2023 og fotballturneringa TodalsCupen vart arrangert på Bordholmen stadion. Arets utgåve av TodalsCupen samla 28 lag med spelarar i alderen 6 – 11 år til vennskapeleg kamp om ballen og måla.