Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til «adventsmiddag» første søndag i advent

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 21. november 2023

Søndag 3. desember frå klokka 15:30 (rett etter lysmessa i kyrkja) – 18:00 inviterer Todalen Idrettslag til «adventsmiddag» i Todalen ungdomshus. Da sel idrettslaget elghakk, trollkrem og kaffe, så da er det berre å ta turen til ungdomshuset til ein sosial og god middag!

Middagen kostar kroner 125,- medan trollkrem med kaffe kostar kroner 25,-. 

Det er ikkje påmelding. 

Todalen Idrettslag ønsker alle velkomne på «adventsmiddag» i ungdomshuset!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 21. november 2023, 13:29