Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julekalenderen 2023 – salget er igang

Jon Olav Ørsal Tysdag 21. november 2023

Når vi snakkar om fjorårets suksess så meiner vi sjølsagt fjorårets julekalener – den vart ein formiddabel suksess for TIL trimgruppa.  I år blir det sjølsagt reprise og det er alt kome inn massevis av flotte gevinstar, fortel Anita Talgø og Torill Talgø som er lotterisjefar.  Som i fjor er det Vipps som gjelder for salet av julekalendrar, men laurdag 25. november blir det sal av julekalendrar på Matkroken Todalen i opningstida. 

Det blir fleire gevistar kvar dag i årets julekalender.  Foto TIL trim

Som sagt er det massevis av flotte gevinstar, og dei er alle litt heimlaga eller frå personar eller firma som er knytt til Todalen.  Jenny Kvendset (102) har alt levert heimestrikka sokklestar til gevinstbordet og det er det også mange andre som har gjort. 

Anita og Torill nyttar høvet til å takke alle som har bidrege, og fortel at julekalenderen gir eit viktig bidrag for å halde aktiviteten i trimgruppa. No er det altså Vipps som gjelder og du kan kjøpe lodd/julekalendrar på VIPPS nr 523 022 – Husk å skrive namnet på den som skal ha julekalenderen i Vippsmeldinga.  

Publisert: 21. november 2023, 16:15