Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Luke 2 er opna – her kjem vinnarane

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. desember 2023

Trimgruppa har opna luke 2 på sin julekalender, og dermed er spenninga løyst ut, og vinnarane er klare. Attafor luke 2 var det heile 3 gjevinstar, og dermed blir det 3 heldige vinnarar.  

Sminkepungen hamna på Frei, hos Mariann Løvik. Foto TIL trim

Den første gevinsten er ein pose med tennbrikettar som hamnar i Lykkjebygda hos Ingebjørg og Erling Myrbostad.  Den andre gevinsten, som er ein strikka sminkepung, går til Mariann Løvik, som bur på Frei.  Men den 3. og siste gevinsten i dag går til Heimstad hos Marit S. Søyset.  Gevinsten er eit juletre som er laga av royalimpregnert furu, og får da sikkert 50 år råtegaranti på juletreet. 

Gevinst nr 3 i dag er eit juletre, snekra i royalimpregnert furu. Foto TIL trim

Felles for alle vinnarane er at TIL trimgruppa tek kontakt for å avtale levering av gevinsten.  Neste trekkjing bli offenliggjort i morgon tidleg kl 06.00, så her gjeld det å kome seg opp for å få med seg nye vinnarar kvar dag!

Publisert: 2. desember 2023, 06:00