Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bra med folk både på adventsmiddagen og julegatetenninga

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 3. desember 2023

På ettermiddagen i dag var det først adventsmiddag i ungdomshuset, arrangert av Todalen Idrettslag,  før det var tenning av Todalen bøgdalag si julegate mellom Matkroken Todalen og Talgø, og det var bra oppmøte på båe arrangementa.  

Elghakk snart klart til servering. Foto: B G Ansnes

Todalen Idrettslag hadde invitert til adventsmiddag i ungdomshuset med start rett etter lysmessa i kyrkja. Godt og vil 40 personar kom for å kjøpe seg elghakkmiddag med trollkrem til dessert. Det vart også servert kaffe og saft. 

Godt nøgde gjestar. Foto: B G Ansnes

Tilbekemeldingane på både maten og desserten var udelt positive, så kokkegjengen, med leiari i Todalen Idrettslag, Elinor Bolme i spissen, har all grunn til å vere nøgde! I matkomiteen hadde Elinor med seg Ragnhild A. Moe, Markus Bolme og Turid S. Todalshaug. 

Bra med godt nøgde folk på adventsmiddagen. Foto: B G Ansnes

– Eg er godt nøgd med oppmøtet til dagens adventsmiddag, konstaterer ei nøgd Elinor. – Når tilbekemeldingane på maten og desserten er så gode, er det artig å servere middag og dessert, legg ho til. 

Trollkrem og kaffe til dessert. Foto: B G Ansnes

Omtrent rett etter adventsmiddagen var det klart for tenning av Todalen bøgdalag si julegate mellom Matkroken Todalen og Talgø. Sjølv om gradestokken viste tosifra med blåe grader, så var det mange som tok turen for å vere med på tenninga av julegata. Etter tenninga vart det delt ut nissepakkar til alle ungane. 

Det var bra med folk på julegatetenninga. Foto: B G Ansnes

 

Publisert: 3. desember 2023, 20:14