Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Premiere for årets julekalender for TIL Trimgruppa

Jon Olav Ørsal Fredag 1. desember 2023

Endeleg er dagen komen og vi kan publisere dei første vinnarane i Trimgruppas Julekalender 2023.  Og det er ikkje småtteri vi trør i gang, fortel medlemene i Trimgruppa som har organisert både innsamling av gevinstar, salg av kalendrar og frå 1. desember er ein altså i gang med trekkninga.  Tilsaman der det 79 gevinstar i årets kalender, og det er minst 2 for kvar dag som blir trekt ut.  Nye vinnarar blir trekt ut kvar dag, og dei blir publisert her på Todalen.no kvar dag kl 06:00 i perioden 1. til og med 24. desember. 

Det vart ny lue på Bjørn Kvendset som var den eine vinnaren på 1. desember. Foto TIL Trim

Dei første vinnarane bak den første luka er Bjørn Kvendset som vann ei flott lue, og Maren Ansnes som vann englar til å henge på juletreet.  Trimgruppa tek kontakt med vinnarane for å avtale levering av gevinstane og få ein fornuftig logistikk. 

Maren Ansnes vart den andre vinnaren på 1. desember – gevinsten er engler til å henge på juletreet. Foto TIL trim

Gjengen i trimgruppa som har jobba med organiseringa av julekalenderen er henrykt over responsen på julekalenderen når tida for å kjøpe kalendrar som var salet kome over 350 stk, og det gir eit flott tilskot til TIL trimgruppas økonomi. Torsdag var det skikkeleg «kvelden før-stemning», og arbeid til langt på kveld før alt var klart.   

Trimgruppa rettar ein stor takk til alle som har bidrege med gevinstar og til alle som har kjøpt TIL trim sin julekalender 2023.  Vi på Todalen.no gler oss til å publisere tilsaman 79 vinnarar fram til 24. desember, når den siste trekninga blir publisert.  

Torill i «fotostudio» og lagar gevinstfoto. Foto Jon Olav Ørsal

Først publisert: 1. desember 2023, 06:00 - Sist oppdatert: 30. november 2023, 23:12