Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Turar i Todalen – kor mange og kor ofte

Jon Olav Ørsal Måndag 6. november 2023

På trimbasaren søndag ettermiddag var det tid for dele ut belønning til dei mest aktive trimmarane.  På tur i Todalen 22/23 har gjort opp status og det er ikkje småtteri det er snakk om – heile 7548 trimturar er gjort i regi av «Turar i Todalen» frå 1. oktober 2022 til 31. september 2023.  Det har vore 91 aktive innsjekkarar i løpet av året og 11 av desse har besøkt alle dei ordinære turmåla og får eit gåvekort på kr 200 frå Intersport for innsatsen.  

Ein snerten tursekk frå Sparebank1 Nordmøre var premien til alle dei som hadde flest turar på alle turmål som hadde flest besøk og minimum 10 turar – dei andre med flest turar fekk ei lue. Nedafor har vi lagt ut statistikkane og der finn du namna på dei som har felst turar til kvart turmål.  Har du kommentarer til statistikkane – enten det er feil eller mangler så kan du ta kotakt med Elinor Bolme for å få forklaring på saker og ting.  

Denne statistikken viser dei forskjellige turmåla, kor mange besøk dei har hatt i perioden. I tillegg viser den kven som har flest turar til posten og kor mange turar dei har til disse postane. Rekkjefølgen på postane er sett opp etter dalende besøkstal. Statistikk Todalen IL

Statistikkane vi har lagt ut nedafor viser tal for den enkelte deltakar – rangert etter kor mange besøk den enkelte har totalt og talet på turmål.  Den viser at det totalet er gjort 7548 trimturar i løpet av trimåret 22/23.  Du kan laste ned tabellane som PDF-dokument – enten sortert etter poeng eller etter turmål

Den siste stistikken inneheld også totalt antal innsjekkingar for kvar trimmar og i tillegg har ein lengst til høgre lagt inn talet på turmål som den enkelte har besøkt.  Statistikken er sortert etter talet på turmål og talet på innsjekkingar. 

Publisert: 6. november 2023, 20:00