Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Informasjon om medlemskontingenten for 2023

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 22. november 2023

Todalen Idrettslag har gått gjennom medlemskartoteket sitt, og i samband med dette ser det ut til at nokre av medlemmane i idrettslaget ikkje har fått eposten med fakturaen for medlemskontingent for 2023. eller at eposten rett og slett har hamna i spamfilteret. Dei som ikkje er registrert med betalt medlemskontingent for 2023 vil difor no motta papirfaktura i postkassen sin. 

Det er viktig at dei som no får krav, tek kontakt med nestleiar i idrettslaget, Endre Talgø, slik at idrettslaget får rett epostadresse. Om det er nokon som får krav om medlemskontingent, men ikkje ønsker å vere medlem lenger, så ta kontakt med Endre og gje beskjed om dette, slik at faktura ikkje blir sendt ut neste år.

Nøkkelkorta på Hett og Svett er som kjent direkte knytta til medlemskapet i idrettslaget, så om ein ikkje betaler medlemskontingenten eller vel å melde seg ut, så blir kortet deaktivert og nøkkelkortet skal leverast inn att til idrettslaget.   

Om det er nokon som ønsker å bli medlem, men ikkje har fått krav om medlemskontakt, ta også da kontakt med Endre, så får ein fiksa dette!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 22. november 2023, 17:52