Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal kulturhus Arkiv

Vi fann 198 artiklar i dette arkivet.



Råd til lag og foreiningar om avvikling av møte

Dordi Jorunn Halle Onsdag 24. februar 2021

Det er høgsesong for årsmøte og fleire lurar på om eller korleis desse kan gjennomførast i tråd med nasjonale reglar og råd. Under har vi samanfatta ei sjekkliste for ansvarleg arrangør.


Surnadal kino – ekstra framsyningar i vinterferien

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 19. februar 2021

I samband med vinterferien neste veke, har Surnadal kino sett opp seks ekstra framsyningar. Framsyningane vil vere både på dag- og kveldstid. Allereie i kveld er det premiere på filmen «Wonder Woman 1984», som er ein film der premieren har vore utsett gong på gong, men som no altså endeleg får premiere. 


Surnadal kino – ein norgespremiere og ein oppfølgar

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 11. februar 2021

Surnadal kino kan skilte med ein norgespremiere og ein oppfølgar. Premierefilmen er «The Marksman», som er ein film om ein ung meksikansk mann som er på flukt frå kartellmordarar. Filmen har norgespremiere 12.februar. Oppfølgarfilmen er filmen «Lassie kommer hjem». Her blir Collien Lassie og eigaren Fredrik på 12 år, foreina att, etter at dei ufrivillig har vore fråkvarandre ei stund. 


Surnadal kino – Utvidar tilbodet

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 2. februar 2021

Smittesituasjonen gjer at Surnadal kino går tilbabake til meir normal drift – men ikkje heilt! Sjølv om Surnadal kino framover vil vise fleire filmar, enn dei har gjort sidan nedstenginga 4.januar, er det under føresetnad av at ein følgjer smittevernkravet om å unngå aktivitetar som stimulerer til auka reiseverksemd mellom kommunane. Difor er kinotilbodet ved Surnadal kino berre tilgjengeleg for personar som er busett i Surnadal kommune. 


Jul på Surnadal kulturhus

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 18. desember 2020

Som dei fleste andre, så vil òg Surnadal kulturhus ha redusert opningstid i samband med jul og nyttår. Kulturhuset er heilt stengt 24.12, 25.12, 26.12 og 1.1. Dei andre dagane er det redusert opningstid.

Biblioteket er i romjula ope den 28.12 i tidsrommet klokka 11:00 – 14:00 (Meirbibliotek 14:00 – 15:00).


Surnadal kino – Romjulsprogrammet er klart

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 17. desember 2020

Romjula er tradisjonelt ei populær tid å gå på kino. Surnadal kino kan i år by på to premierar i romjula, ein familiefilm og ein historisk vaksenfilm. Det er filmen»Operasjon Nordpolen – Snippen på Eventyr» som blir årets «romjulsfilm» for familien. Filmen «Den største forbrytelsen» er ein film som fortel den dystre historia om den norske jødedeportasjonen i november 1942. 


Nyttårskonsert med TrondheimSolistane på Surnadal kulturhus

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 8. desember 2020

Fredag 8.jaunuar kl. 19:00 kjem TrondheimSolistane til Surnadal kulturhus for å halde, sin etter kvart, tradisjonelle nyttårskonsert. I år har dei med seg sopranen Eir Inderhaug som solist. Elevar frå kulturskulane i Surnadal og Sunndal, under leiing av Synnøve Hammervold, vil opne konserten i samspel med TrondheimSolistane.  


Ane Brun sin musikk blir teater

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 27. november 2020

Teatret Vårt kjem til Surnadal kulturhus med «Virvelvind» torsdag 29. april neste år og tilbyr i samband med dette «Black Friday»-prisar på billettar i dag, fredag 27.november. Her kan det vere eit mogleg julegåvetips?


Surnadal kino – Biografisk drama og julefilm på programmet

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 25. november 2020

«Mank» er godt mogleg filmen som vil vinne Oscar i år? Filmen handlar om opphavet til det som blir rekna som «verdas beste film», «Citizen Kane» – sjølv om den i si tid berre vann ein Oscar, nemleg for beste manus.


Surnadal kino – Julefilmane har innteke kinolerretet

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 16. november 2020

Jula står snart for døra, og på Surnadal kino dominerer i desse dagar julefilmane programmet. Filmane som akkurat no står på programmet er alle familiefilmar. Så her er det mogleg å ta med familien på kino, for å koble av litt i juleførebuingane.  


Krim på biblioteket

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 6. november 2020

Onsdag 18.november kl. 18:00 inviterer Møre og Romsdal fylke og Surnadal bibliotek alle til biblioteket på Surnadal kulturhus. Då kjem forfattaren Chris Tvedt på besøk. Tvedt er fødd i 1954 og kjem frå Bergen. Han er studert jus og litteraturvitenskap ved UiB. Han jobba som advokat fram til 2005, men har sidan da vore forfattar på heiltid.