Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal kino – Romjulsprogrammet er klart

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 17. desember 2020

Romjula er tradisjonelt ei populær tid å gå på kino. Surnadal kino kan i år by på to premierar i romjula, ein familiefilm og ein historisk vaksenfilm. Det er filmen»Operasjon Nordpolen – Snippen på Eventyr» som er årets «romjulsfilm» for familien. Filmen «Den største forbrytelsen» er ein film som fortel den dystre historia om den norske jødedeportasjonen i november i 1942. 

Operasjon Nordpolen

Sjølv ein liten rev kan bli ein stor helt!Den arktiske reven Svippen  fyller dagane sine med å sortere post for det arktiske postkontoret. Men han har ein hemmeleg draum om å bli ein «Top Dog», ein av selskapet sine verdsette «Husky-kurerar».  Når ein uvanleg pakke dukkar opp, bestemmer Svippen seg for å stjele ein slede og levere pakken til sin mystiske destinasjon for å bevise si dyktigheit. Under vegs snublar han uforvarande over eit uhyggeleg komplott som den utspekulerte Otto Von Walrus står bak. Det er opp til Svippen og den skrullete gjengen hans med kompanjongar å sette ein stoppar for Otto sine planer ein gong for alle.
Billetter til filmen kan du kjøpe her: «Operasjon Nordpolen»

 

Den Største forbrytelsen

Den største forbrytelsen

 26.november 1942, etter ordre frå den tyske okkupasjonsmakta, vart ein storstilt politiaksjon sett i gang over heile landet. I Oslo var over 300 politifolk, hirden og NS-medlemmer beordra for å gjennomføre aksjonen. Over 100 drosjar vart òg rekvirert i samband med aksjonen. Alle jødiske kvinner, barn og eldre skulle deporterast. Deportasjonen omfatta og dei som var innlagt på sjukehus, utan unntak for nokon. Ein måned tidlegare hadde politiet i Oslo arrestert bortimot alle jødiske menn over 15 år og samla dei på Berg interneringsleir utanfor Tønsberg. Grytidleg om morgonen den 26.november 1942 vart dei vekt opp og lasta inn i «krøttervogner» og sendt med tog til kaia i Oslo. Ved utstikkar 1 låg det tyske frakteskipet Donau klar til å ta imot den menneskelege lasten. I korte glimt møtes menn og koner, fedre og barn, besteforeldre og barnebarn, før dei brutalt blir skilt frå kvarandre att. Skrekkslagne og uvitande om si eiga skjebne blir dei tvinga ned under dekk på det store frakteskipet. Donau gjekk frå Oslo med totalt 529 norske jødar om bord. Endestasjonen er utryddingsleiren Auschwitz ved byen Oswiecim i Polen. «Den største forbrytelsen» er ein storslått og dramatisk film basert på ei sann historie som stekkjer seg frå 1930-talet og fram til fredsvåren i 1945. Foreljinga om familien Braude står sentralt i handlinga i filmen. Ein vanleg norsk arbeidarfamilie, som inntil skjebnedagane i november 1942, hadde levd eit trygt liv i trygge omgjevnader på Grünerløkka i Oslo. Der levde dei med sine draumar for livet og ambisjonar for framtida, men som fekk si skjebene forsegla eine og åleine fordi dei var jødar.
Billetter til filmen kan du kjøpe her: «Den største forbrytelsen»

 

Først publisert: 17. desember 2020, 07:00 - Sist oppdatert: 16. desember 2020, 17:53