Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ane Brun sin musikk blir teater

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 27. november 2020

Teatret Vårt kjem til Surnadal kulturhus med «Virvelvind» torsdag 29. april neste år og tilbyr i samband med dette «Black Friday»-prisar på billettar i dag, fredag 27.november. Her kan det vere eit mogleg julegåvetips?

Ane Brun, eller Ane Brunvoll som ho eigentleg heiter, er fødd i Molde i 1976. Ho er songartist og låtskrivar og bor i dag i Stocholm. Saman med vokalisten frå The Tiny, Ellekari Larsson, eig ho plåteselskapet DetErMine. Ane Brun sin karriere starta i 1998.  

Ane Brun. Foto: Bernoit Derrier

Om teaterstykket:

Menneske og historier frå Ane Brun sin musikk blir levande på teaterscena. Ane Brun har sterke røter i Møre og Romsdal og har no omsett eigne låtar til dialekt. Ut av dette spinn ei musikalsk framsyning om å våge å sjå livet og kjærleiken i auga. 

Fem menneske møter kvarandre for første gong på ei fest. I det festa er på høgdepunktet slår fasadane sprekker og historiene om kven dei eigentleg er kjem til syne. Alle med forventningar til eit liv som vart noko anna. Livet og kjærleiken, sorger og tap – dei sit fast i noko dei vil ut av og prever så godt dei kan å finne ein veg vidare. Kan denne kvelden vere ei opning inn i noko nytt?

Ane Brun har staka ut ein heilt eigen kurs i norsk pop og blitt ein folkekjær artist med sterk kunstnarleg visjon og tydeleg signatur. Ho er no aktuell med to nye album: «After the Great Storm» og «How Beauty Holds the Hand of Sorrow» utgjeve no i haust. Båe albuma har fått ros frå krisikarane. 

Ane Brun sine tekster gjev utspring til ei forteljing om levd liv og nye sjansar. Nina Wester har skreve manus og Simon Revholt har arrangert låtane for teateret. På scena står Teatret Vårt sitt ensemble og eit band sett saman for akkurat teaterframsyninga Virvelvind. 

Billettar kan du kjøpe ved å trykke på lenka: «Virvelvind»

Først publisert: 27. november 2020, 07:00 - Sist oppdatert: 26. november 2020, 15:11