Jubileumskonsert i ungdomshuset
Surnadal Hornmusikk held fram 125-årsfeiringa si, og kjem til Todalen ungdomshus laurdag 22. april klokka 19:00. Billettsalet tek til klokka 18:30. Da vil vi få høyre nokre av låtene hornmusikken spela under jubileumskonserten sin på Surnadal kulturhus i januar.