Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløverturar i juni

Dordi Jorunn Halle Måndag 12. juni 2023

Starten på juni månad var både sur og kald, og på første kløverturen 5. juni var det bruk både for ullskjorte og anorakk. Dagens tur, 12. juni, gjekk i strålande sol og over 20 grader!

Første måndagen i juni var turen lagt til Tjønnmyrane, fin tur oppover Gammelfalla langs Storfossen og vidare innover til vi såg Vestrum og Taløyan. Triveleg kaffelag i den solide og fine gapahuken. På denne turen kan ein gå både flatt og bratt!

Runft bordet oppå Tjønnmyrå: Eli Marie, Synnøve, Anne Helene, Jon, Gro, Jorunn, Dordi Ingeborg, Jorunn, Dordi Jorunn og Karen Johanne. Foto: Marit Sanden Søyset.

Ute på tur! Fint å gå etter lysløypa både sommar og vinter. Foto: Marit Sanden Søyset.

Andre måndagen i juni var det start frå Bruset og innover langs Toåa som i daglegtale før vart kalla Storleva. Første stopp var ved gapahuken i Fosstrøinn, triveleg plass. Her er det fint å bade når elva er passe stor og vatnet heitare.

Vidare gjekk turen inn til Skukkulbrekkå, der svinga vi ned til elva igjen og vandra vidare etter fin og nyslått stiga! Matpause i den flotte gapahuken på Nessaørå. Her vart det lang kaffepause. Inne med Hengebrua står den tredje gapahuken på denne ruta – altså er det på denne strekninga lagt godt til rette både for turgåarar i alle aldrar og fiskarar.

Jon delte ut bukettar med linjekonvall! Ute på tur: Marit, Anne Lise, Åse Johanne, Jorunn, Jon, Anne Helene, Liv Jorunn, Berit, Jorunn, Synnøve og Dordi. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Hengebrua fekk hard medfart under flaumen og styggveret hausten 2022. Men no er ho i god stand. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Tilbaketuren gjekk utover frå Heggøyann forbi Stormyrhaugen, Halanesset og Ramsøya til Fillipbrua. Kjekt at det er tett mellom bruene!

Sjå her!

Neste kløvertur, måndag 19. juni, blir i Toåa tursti med start frå Matkroken kl. 11:00. Kaffepause ved Båthølen. Vel møtt!

Kaffepause! Foto: Dordi Jorunn Halle.

Publisert: 12. juni 2023, 15:02