Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mannskorsong i Stangvik kyrkje

Jon Olav Ørsal Sundag 11. juni 2023

Mannskoret Tarrakarrain frå Averøy gjesta laurdag kveld Stangvik kyrkje, der dei hadde konsert i samarbeid med P17-koret.  Det var bra oppslutning om arrangementet, og det var tydeleg at det var mange som gleda seg til å høre skikkeleg mannskorsong, og dei fekk valuta for pengane.

Dei presenterte eit nasjonalromantis prega repertoar, med f. eks. «Når fjordene blåner» og «Den norske sjømann» og det fall tydeleg i smak blant publikum som responderte med skikkeleg applaus. Dirigent for mannskoret Tarrakarrain er Jørund Enzenbach 

Tarrakarrain med sin dirigent Jørund Enzenbach hausta stor applaus i Stangvik kyrkje i går kveld. Foto BGB

Dersom du gikk glipp av lauradagens konsert med Tarrakarrain, så får du ein ny sjanse i dag, da skal dei nemleg opptre i Svinviks arboret kl 14:00 – det er vel verdt å ta turen dit! Etter konserten held Bernt Bøe ei foredrag om Stangvik kyrkje, – og boka som er skrevet om kyrkjas 125-års jubileum.  

Publisert: 11. juni 2023, 09:05