Øygardshalsen – eit fint turmål
Heile tretten turdeltakarar stilte på kløverturen til Øygardshalsen måndag 18. september. Turen gjekk frå Vang skiarena etter fin og grei stiga opp til Øygardshalsen.
Vi fann 9206 artiklar i dette arkivet.
Heile tretten turdeltakarar stilte på kløverturen til Øygardshalsen måndag 18. september. Turen gjekk frå Vang skiarena etter fin og grei stiga opp til Øygardshalsen.
Arnt Erik Otnes og Frank sPoon Botten rigga seg til for takreparasjon ved Todalen kyrkje. Nokre lause steinar har forsvunne i løpet av året, og no er det på tide å få reparert dette. Arnt Erik og Frank er vaktmestrar, og dermed ansvarleg for tak og anna vedlikehald ved kyrkja.
Hjortjakta er forlengst komen i gang – jakttida for hjort er faktisk fra 1. september til 23. desember her i Surnadal kommune. Hittil har det ikkje vorte så mykje resultat, men det kan vil sjå ut som hjorten er på trekk utover dalføret etter kvart. Så langt har det vore mest hjortfall «ovafor Falla», der […]
Komande veke er det ny og landsofattande demensaksjon på gang, så frå tysdag 19. til torsdag 21. vil det kome ein bøssebærar på døra di. Lokalt er det Surnadal Demensforening og helselag, Rindal demensforening og Åsskard helselag som samarbeider om demensaksjonen, og dei vil få god hjelp av årets russekull, elevar frå Surnadal barne- og ungdomsskule i tillegg til andre frivilige vaksne, fortel Liv Botten som er leiar i Surnadal Demensforening og Helselag.
Todalen sanitetsforening inviterer til tur til Vang og Øygardshalsen måndag 18. september. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Dersom du jhar lagt merke til grønkledde menn i Toåa dei siste dagane, så er det Sweko som har drevet med ungfiskundersøking, gytefiskteljing, samt oppmåling av den anadrome strekninga i Toåa.
På ein pressekonferanse no i kveld, kunngjorde Surnadal Senterparti og Surnadal Arbeiderparti at dei er samde om ein intensjonsavtale, som gjer at Hugo Pedersen frå Senterpartiet blir ordførar og Annett Ranes frå Arbeiderpartiet blir varaordførar den komande kommunestyreperioden (2023 – 27).
Torsdag er nærast alt som finns av folk som høyrer til snekkar- og byggfaget samla til Byggmakkermesse på Gammelfabrikken. Eller rettare sagt er det Byggmakker som samlar alle proffkundane sine til ein oppdateringsdag med mykje nye byggevarer og byggemetodar, der leverandørane stiller opp for å bidra med kompetanseheving og fagdag på ein effektiv måte.
Kyrkjevalet som gjekk samtidig som kommune- og fylkestingvalet er no klart til å presenterast. Det var sju kandidatar til nytt sokneråd for Todalen sokn, og dei fire kandidatane som fekk flest stemmer blir det nye soknerådet for 2023 og i 4 år framover.
Basestasjonen som Telia har i Todalen har vore ute av drift sia tysdag ettermiddag. Det pågår feilsøk, og Telia reknar med at dei skal få retta feilen i løpet av onsdagen.
Tysdag kveld vart det klar kven som blir sittande i det nye kommunestyret i neste periode. Det har vore knytt stor spenning til resultatet. Etter at dei siste stemmene vart telt står Senterpartiet att med to stemmer meir enn Høgre, og dermed blir resultatet ståande uendra.
Dei to første måndagane i september har veret vore litt labert, men deltakinga på kløverturane har vore bra! Første måndagen var det tur i Gammelvegen og på valgdagen 11. september var det tur i Kavlvegen.