Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Aktivitet på fleire frontar i Toåa

Jon Olav Ørsal Fredag 15. september 2023

Dersom du jhar lagt merke til grønkledde menn i Toåa dei siste dagane, så er det Sweko som har drevet med ungfiskundersøking, gytefiskteljing, samt oppmåling av den anadrome strekninga i Toåa. 

Torsdag var Sweco i arbeid ved Ramsøya. Dei kjem til å drive i Toåa ein månads tid framover. Foto Jon Olav Ørsal

Noko av arbeidet er utført denne veka, men det vil bli fleire omgangar i ein månads tid framover, fortel Stig Husby, som er leiar i Todalen elveeigarlag. 

Elveeigarlaget har også drive med stamfiske i eigen regi.  Seinast sist laurdag var det ein aksjon, både med fiskestong og håv.  Til saman er det no fanga 12 laksar som er til gentesting, og leiar i stamfiskutvalet Ola Bruset håpar at laksane som er fanga er laks med «ekte todalsgener».  Dei siste åra har det vore mykje oppdrettsgener i laksane som har vore fanga.  Dersom det er slik i år og, så blir detfleire rundar med stamfiske. 

Publisert: 15. september 2023, 09:27