Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur til Vang og Øygardshalsen

Dordi Jorunn Halle Sundag 17. september 2023

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur til Vang og Øygardshalsen måndag 18. september. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!

Dette er ein lett og fin tur som passar for alle, og frå Øygardshalsen er det fin utsikt utover fjorden og bord til kaffepause. Så ta gjerne med kaffe og niste.

Som eit alternativ er det også fint å gå tur att og fram i Den trondhjemske postvei frå Vang og utover flata i retning Stangvik. 

Samkjøring frå Matkroken og utover til Vang skiarena, klubbhuset til Søya. Yr spår opphaldsver og god temperatur.

VEL MØTT!

Publisert: 17. september 2023, 09:46