Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløverturar i gamle ferdselsårer

Dordi Jorunn Halle Måndag 11. september 2023

Dei to første måndagane i september har veret vore litt labert, men deltakinga på kløverturane har vore bra! Første måndagen var det tur i Gammelvegen og på valgdagen 11. september var det tur i Kavlvegen.

Det er historisk sus over båe desse to turvegane. Den opprinnelege Kavlvegen som det ligg restar etter i myra på Surnadalseidet, er frå vikingtida og er datert til ca. år 1100. Gammelvegen frå Svinvika til Snøya er frå slutten av 1800-talet. I Gammelvegen var det biltrafikk til fram til 1939, – heilt utruleg!

Ved smiå på Kammen. Helen, Jorunn og Eli. Foto: Jorunn Hals Ørsal.

I Gammelvegen. Frå venstre: Eli Marie, Jorunn H, Jorunn Ø, Synnøve, Dordi, Åse Johanne, Arndis, Helen og Kari. Foto: Foto: Marit Sanden Søyset.

Dagens tur gjekk frå museet på Åsen både etter grusveg og i sløyfer i Kavlvegen heilt til turfølget tok inn i kvilebua ved Lomtjønna. Her vart det lang og trivleg matpause i ly for vind og regn. Om veret er godt, er det bord og benkar utanfor bua, og det er også kvilebenkar og rasteplassar elles i kulturturstien.

Her er det døme på «moderne» kavlveg, Foto: Dordi Jorunn Halle.

Kavlveg med furuplankar tilverka på «gammelmåten». Foto: Dordi Jorunn Halle.

No i det siste har det regna så mykje at kulturturstien er litt sleip, men det var også lett å sjå at her var det nødvendig med kavlveg, da det var søledammar og utruleg vått i myra der kavlvegen går. Så konklusjonen må bli at for dei som vandra frå bygd til bygd for ca. 900 år sidan, var vegen kjærkomen!

Ny kløvertur måndag 18. september. Plana er å ha turar til Øyalia, Svabu og Vang framover, rekkefølga er ikkje bestemt.

Fleire bilete:

Matpause inne i kvilebua – godt med ly for regnet. Foto: Marit Sanden Søyset.

Mange benkar undervegs på turen. Kari, Dordi Jorunn og Sigrid. Foto: Marit Sanden Søyset.

Frå turen i Gammelvegen, her i hyttefeltet på Kammen. Foto: Marit Sanden Søyset.

 

 

Publisert: 11. september 2023, 17:40