Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Øygardshalsen – eit fint turmål

Dordi Jorunn Halle Tysdag 19. september 2023

Heile tretten turdeltakarar stilte på kløverturen til Øygardshalsen måndag 18. september. Turen gjekk frå Vang skiarena etter fin og grei stiga opp til Øygardshalsen.

Ein flott turgjeng! Frå venstre: Jorunn H, Synnøve, Dordi, Terje, Jorunn Ø, Liv Jorunn, Kari, Ester Karin, Eli Marie, Arndis, Dordi Jorunn, Helga. Foto: Marit Sanden Søyset.

Oppe på «toppen» var det kvilebenk og utsikt utover fjell og fjord. Dette er ein triveleg tur som er fin å gå både sommar og vinter. Øygardshalsen er i «Søyaland», og det var mange i turfølget som ikkje hadde vore her før. 

Søya idrettslag har lagt ned stort arbeid både med fint klubbhus og mange merka turruter både for fotturar og skiturar rundt Vang som t.d. til Øygardshalsen, Klåberget, Strengen og utover postvegen til Stangvik. 

Måndag 25.09 blir det tur innover skogsvegen frå Talgø i retning Svabu.

Fleire bilete frå kløverturen tl Øygardshalsen:

Ved kvileplassen på Øygardshalsen er det trimbok i regi av Søya il. Foto:Dordi Jorunn Halle.

Dordi Jorunn og Marit. Fotoeigar: Dordi Jorunn Halle.

På veg mot utkikspunktet. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Fin turtrase. Foto: Marit Sanden Søyset.

 

 

Publisert: 19. september 2023, 12:30