Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hugo Pedersen blir ordførar i Surnadal kommune dei komande fireårsperiode

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. september 2023

På ein pressekonferanse no i kveld, kunngjorde Surnadal Senterparti og Surnadal Arbeiderparti at dei er samde om ein intensjonsavtale, som gjer at Hugo Pedersen frå Senterpartiet blir ordførar og Annett Ranes frå Arbeiderpartiet blir varaordførar den komande kommunestyreperioden (2023 – 27). 

Annett Ranes blir varaordførar den komande perioden (2023 – 27). Foto: Todalen.no sitt arkiv

Partia er samde om følgande:

  • Senterpartiet skal ha ordføraren og Arbeiderpartiet skal ha varaordføraren
  • Partia skal ikkje ha kontakt og forhandlingar med andre parti før forhandlingane mellom desse partia er avslutta utan resultat
  • Avtalen blir underskriven i to eksemplar, ein til kvart av partia
  • Avtalen er gjennomgått og godkjent
  • Avtalen føresett godkjenning frå dei to partia sine partiapparat  

Meir om intensjonsavtalen kan du lese i Driva på nett. (krev abonnement)

Først publisert: 14. september 2023, 18:55 - Sist oppdatert: 15. september 2023, 05:27