Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hjortjakta så smått i gang – Erik tok storhjorten

Jon Olav Ørsal Måndag 18. september 2023

Hjortjakta er forlengst komen i gang – jakttida for hjort er faktisk fra 1. september til 23. desember her i Surnadal kommune.  Hittil har det ikkje vorte så mykje resultat, men det kan vil sjå ut som hjorten er på trekk utover dalføret etter kvart.  Så langt har det vore mest hjortfall «ovafor Falla», der det hittil er skote 5 dyr.

Sist helg var Kårvatn jaktlag i Gammelseterdalen, og der fikk Erik Kårvatn oppfylt drømmen om å få storbukken på på posten sin.  Erik var plasser ut heilt oppunder hamrane under eit jag, og der kom storbukken.  Da er det viktig å behalde roa og vente til rette øyeblikket er der.  Erik har vore med på jakt i fleire år, men den første hjorten kom først i år og var ein spissbukk – denne gongen vart det altså ein 10-takker som slo ut med 122 kg på vekta.  

Øya jaktlag på sørsida startar jakta først komande helg og vi har ikke fått nokon rapport om felte dyr frå andre jaktlag så langt, men det kjem nok etter kvart.  

Publisert: 18. september 2023, 19:03