Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Samla snekkarar, lærlingar og byggfagelevar

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. september 2023

Torsdag er nærast alt som finns av folk som høyrer til snekkar- og byggfaget samla til Byggmakkermesse på Gammelfabrikken.  Eller rettare sagt er det Byggmakker som samlar alle proffkundane sine til ein oppdateringsdag med mykje nye byggevarer og byggemetodar, der leverandørane stiller opp for å bidra med kompetanseheving og fagdag på ein effektiv måte. 

Surnadal VG har stopp på stand for Møre Royal, der Rune Moe orienterer om royalprodukta. Foto Jon Olav Ørsal

Det er Konrad Våbenø som har vore prosjektleiar og som har planlagt opplegget og sørga for å invitere til BM-messa.  Han seier at det er viktig å halde seg oppdatert både på produkt og metodar, og han ha fått med seg heile «Proff-staben» på arrangementet og 12-13 leverandørar som stiller opp for å bidra. 

Leif Bæverfjord er distrikssjef for Byggma – her saman med Konrad Våbenø frå BM Surnadal, og prosjektleiar for BM-messa i år. Foto Jon Olav Ørsal

Våbenø er spesielt glad for at alle dei vidaregåande skulane takka ja til invitasjonen.  – I dag er nemle bygg og anleggsfag-klassane frå Surnadal, Sunndal, Tingvoll og Kristiansund på plass med 50 elevar tilsaman. Da vi stakk innom messa i føremiddag var det elevane som var der, og det var full fokus på byggfaget.  Elevane tykte det var stas å få bli med på dette og stilte med stor engasjement. For elevane vart det ein retteleg fagdag, der dei fikk mange tips og mykje lærdom, der dei roterte mellom dei forskjellige standane.  

Foss Snekkeri med sin stand for Fossline kjøkken – lokal kjøkkenprodusent frå Meldal, som hevdar seg godt i kjøkkenmarknaden. Her er Kristiansund VG innom og får oppdatering. Foto Jon Olav Ørsal

Seinare i dag er det proffkundane sin tur, og dei vil halde på utover ettermiddagen og kvelden – da kjem snekkarar frå mesta heile Nordmøre for å sjå og høyre om nyheiter og gode tips frå dei mange leverandørane som er på plass på Gammelfabrikken.  – Til saman ventar vi rundt 150 besøkande som er invitert til messa og som har takka ja til å ta del i messearrangementet, seier Våbenø.

Utstyret er halve jobben – her presenterer Knut Westlund frå BM Surnadal utvalet i praktiske arbeidsklær for snekkarar og andre fagfolk. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 14. september 2023, 12:20