Vellukka med solidaritet
Mesta fullsatt sal med forventningsfulle ungar og kjøpelystne foreldre og besteforeldre gjorde sitt til at Todalen Oppvekstsenter sin solidaritetskveld vart ein liten suksess. Skulen har den siste tida hatt undervisning om Nicaragua og inviterte difor til solidaritetskveld for å vise fram det dei hadde lært og ikkje minst laga. For ungane på både skule og barnehage hadde i fleire veker førebudd seg på denne kvelden med produksjon av lyslykter, såper, lys, fat og juletrekuler for å nemna noko.
Les heile saka